Kunnskapsbasert barnevernfagleg praksis på individ- og systemnivå

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Formålet med emnet er å gje studentane erfaring med praktisk arbeid knytt til barn og familiar i utsette livssituasjonar. Gjennom samarbeid med relevante praksisstadar og organisasjonar får studentane moglegheit til å omsette tidlegare tileigna kunnskap til praksis. Emnet bygger på teoretiske forkunnskapar frå emnet MABARN431 Endringsarbeid, tiltak og prosjektplanlegging og studentane vil omsette denne kunnskapane i eit prosjektarbeid. Prosjektarbeidet vil gje studentane gode moglegheiter til å erfare relevante arbeidsformer på individ- og systemnivå, som for eksempel innovasjons og endringsarbeid, samarbeid med barn og familiar, og samhandling med andre samarbeidspartnarar, organisasjonar og tenestar. Emnet skal gje studentane erfaringar med bl.a.:

  • å reflektere rundt eiga rolle i møte med barn og familiar i utsette livssituasjonar og utøve profesjonelt skjønn
  • forvaltning av makt
  • å vurdere, evaluere og stille seg kritisk til ulike former for tiltak,
  • tverrproffesjonelt samarbeid
  • ressurskartlegging
  • kommunikasjon og organisasjonsutvikling

Læringsutbyte

Studenten skal ved avsluttet emne ha følgende læringsutbytter:

Kunnskap

Studenten skal ha

  • Har avansert kunnskap om kommunikasjon og brukermedvirkning i arbeid med barn og deres familie

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan nytte kunnskapar og ferdigheitar om eigen og andre profesjonars kompetanse og ansvarsområde til å samhandle både tverrfagleg og tverretatlig for å skape heilskapleg tilbod
  • Kan omsette erverva kunnskap til praktisk yrkesutøving og utøve og reflektere avansert over kunnskapsbasert praksis
  • har gode ferdigheiter i å utøve familie- og miljøterapi
  • har gode ferdigheiter med konflikthandtering og ivaretaking av brukarar og kollegaer i forbindelse med konfliktsituasjonar
  • har avanserte ferdigheiter med å samarbeide og kommunisere med barn og familiar i utsette livssituasjonar, og fremje konstruktive medverknadsprosesser, på individ- og systemnivå
  • Har avanserte ferdigheiter med å bruke ressursorienterte perspektiv, og ressurs- og risikokartlegging for å fremme gode oppvekstkår og barns velferd på individ og systemnivå
  • Har avanserte ferdigheiter med å vurdere, bruke, evaluere, stille seg kritisk til, og inngå i relevante samarbeid om ulike former for tiltak/intervensjonar i barnevernskontekst, herunder i komplekse situasjonar, med fokus på barnets beste, individuell tilpassing og kompenserande tiltak
  • Har avanserte ferdigheiter med å kartlegge, planlegge, utføre, evaluere, og i alle ledd samarbeide og kommunisere med relevante parter (kollegaer, tverrfagleg, tverretatlig), om innovasjon i egen organisasjon eller som samarbeid med lokalsamfunn, offentlege instansar eller sivilsamfunnet

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan utvise høy grad av sjølvstende, samarbeidskompetanse og skjønn i individretta og systemretta arbeid med utsette barn og deira familiar
  • Kan utvise etisk refleksivitet i rollen, kan analysere og forholde seg kritisk til egne verdiar, tolkingar, yrkesrolle, makt og fungering i møte med barn, familiar og samarbeidspartner, og kan søke veiledning ved behov

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB
Krav til forkunnskapar
MABARN326, BARN402, MABARN431, MABARN329 og metodekursene HEM303 eller HEM304
Studiepoengsreduksjon
ikke relevant
Krav til studierett
Emnet krever studierett på masterprogrammet i barnevern
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning, seminarar og minimum 5 veker barnevernfaglig relevant prosjektarbeid inkludert tverrprofesjonelt samarbeid praksis (TVEPS)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Praktisk arbeid
  • Praksisattest frå praksisstaden. Praksisen må vere godkjent.
  • 75% frammøte i TVEPS og seminarer.
Vurderingsformer

Mappevurdering bestående av 2 deler:

  • Praksis/Posjektrapport 2/3 av karakter
  • Munnleg presentasjon på presentasjonsseminar 1/3 av karakter (frammøteplikt)

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

MERK: ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillat i innleverte skriftlege arbeid undervegs og eksamenar.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
ChatGPT og andre AI-tekstgeneratorer er ikke tillatt i innleverte skriftlige arbeid.
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Administrativt ansvarleg
Institutt for helse, miljø og likeverd