Treningslære og rørsle
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MANT304B
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
I treningslære og rørsle skal studentane få forståing av sentrale modellar for motorisk kontroll og -læring, biomekaniske prinsipp og analysar. Studentane skal vidare få kunnskap om korleis fysisk aktivitet verkar på kroppens vev og korleis fysisk aktivitet blir tilrettelagt for pasientar med muskel- og skjelettplager.
Innhald: Emnet omhandlar modellar for motorisk kontroll og -læring; biomekaniske prinsipp; kritisk analyse av litteratur om trening til pasientar med muskel- og skjelettplager; og korleis fysisk aktivitet bør planleggast og gjennomførast for å få ønska effekt hos pasientar med muskel- og skjelettplager.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne kunne gjere greie for terapeutiske implikasjonar for ulike motoriske-, biomekaniske-, fysiologiske- og åtferdsforhold i tillegg til korleis ein legg til rette for fysisk aktivitet for personar med muskel- og skjelettplager.
- Kunnskap: Studenten har inngåande kunnskap om prinsipp innan motorisk kontroll/-læring, biomekanikk, rørsle og åtferdsendring, og kan nytta disse i undersøking av rørsler og i behandlingstiltak av pasientar. Ha kunnskap om trening til dei mest vanlige pasientgruppene innen MSK, og kjenne til forhold som påvirkar pasientane sin motivasjon for oppfølging av trening.
- Ferdigheter: Studenten kan utføre analysar av korleis testar og funksjonsundersøkingar påverkar vevet. Studenten kan ta spesielle omsyn ved tilrettelegging av trening til pasientar med muskel- og skjelettplager.
- Generell kompetanse: Studenten har kompetanse til å vurdere og rettleie pasientar med muskel- og skjelettplager, samt formidle desse forholda til anna helsepersonell.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
40 t førelesingar og gruppearbeid, samt sjølvstudium.
Minimum 80% oppmøte
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering av 3 mappenotat:
- Artikkelanalyse
- Biomekanikk: oppgåve
- Treningsprogram
Interne sensorar.
Karakterskala
Vurderingssemester
Artikkelanalyse blir vurdert i vårsemesteret (1.semester)
Biomekanikk-oppgåve og Treningsprogram blir vurdert i haustsemestert (2.semester)