Differensialdiagnostikk og laboratoriesvar
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MANT305B
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstandar som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingane.
Innhald:
Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, reumatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelheit, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.
Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanleg primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten har
- inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensialdiagnosar for denne sjukdomskategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorieanalysar
- innsikt i systemiske tilstander som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte
- kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk
Ferdigheiter:
Studenten
- kan fortolke teikn og funn frå underliggjande sjukdom
- kan om naudsynt henvisa pasientar til spesialisthelsetenesta
Generell kompetanse:
Studenten
- Har kunnskap om dei vanlegaste lidingane som kan forvekslast med symptom frå muskel-skjelett-lidingar
- Kjennar til regelverk knytt til henvisning og primærkontaktansvar
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
2-timar heimeeksamen
Arbeid med eksamen og utvalte arbeidskrav skal vere i tråd med retningslinjer for bruk av KI ved Det medisinske fakultet. I kva grad du kan bruke KI vil vere spesifisert i MittUiB og/eller i den gjeldande oppgåva.
Karakterskala
Karakterskala Bestått / Ikkje bestått.
Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60 % av oppgåvene.