Helse og kommunikasjon
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MANT306B
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
Dette emnet tar sikte på å vidareutvikle kunnskap om og forståing for komplekse årsakssamanhengar knytt til helse og sjukdom ut frå eit individ- og samfunnsperspektiv.
Innhald:
- Innhaldet skal dekke idéhistoriske og kulturelle samanhengar som ulike helsefaglige perspektiv har sitt utgangspunkt i. Sentrale omgrep og tema for nærmare analyse vil bl.a. vere helse, sjukdom, livskvalitet, helsefremjande arbeid og helsepsykologi, og sjukdomsførebyggande arbeid.
- Emnet tar også utgangspunkt i eit biopsykososialt klassifikasjonssystem sett i lys av symptom og funksjon. Bevisstgjering og trening av klinisk resonneringsevne med utgangspunkt i pasientkasus vert nytta. Innføring i bruk av ulike tilnærmingar til ei klinisk avgjerd basert på kunnskapsbasert medisin og den diagnostiske vurderingsprosessen vert utdjupa.
- Undervisning i kommunikasjonsteori inneheld faktastoff og metaforar og øvingar for bevisstgjering av korleis dette verkar inn på prosess mellom terapeut og pasient.
Læringsutbyte
- Studenten kan greie ut om helseomgrepet og vise innsikt i teoriar om helsefremjande og sjukdomsførebyggande tiltak. Studenten kan drøfte omgrep som helse og sjukdom relatert til muskel- og skjelettplager, samt drøfte kulturelle sider knytt til kropps- og arbeidsvanar.
- Studenten kan også gjera greie for den diagnostiske vurderingsprosessen. Studenten kjenner til kva som inngår i ein klinisk vurderingsanalyse, og kan såleis sette opp ein handlingsplan.
- Studenten er bevisst på korleis tydelig kommunikasjon verkar inn på prosessen mellom terapeut, pasient og samarbeidspartnara og kan drøfta føresetnader for tverrfaglig samarbeid.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust (andre semester) + vår (tredje semester)
Krav til studierett
Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av førelesningar og gruppearbeid.
Om lag 20 undervisingstimar er fordelt på hovudtema:
- Teori om helse og sjukdom
- Klinisk resonnering og vurderingsteori
- Kommunikasjonsteori og øvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Undervisninga er obligatorisk
Deltaking i gruppearbeid
Vurderingsformer
Muntlig presentasjon
Intern og ekstern sensor
Karakterskala
Karakterskala Bestått / Ikke bestått