Brukarkurs i matematikk II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MAT102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Målet med emnet er å gjøre studenten i stand til å gjennomføre grunnleggjande matematisk modellering og statistiske analyser basert på reelle data.
Innhald
Ein studerer grunnleggjande omgrep og metodar innan lineær algebra, funksjonar av fleire variable, differensiallikningar, populasjonsdynamiske modellar, dataanalyse, statistikk og optimering. Samstundes lærer studentane praktisk bruk av metodane gjennom dataøvingar i Python.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner grunnleggjande definisjonar knytt til statistikk
- kjenner grunnleggjande definisjonar knytt til matrisar og lineær algebra
- forstår omgrepa konfidensintervall, hypotesetesting og p-verdier
- forstår bruk av digitale verktøy i naturvitskap
- forstår populasjonsdynamiske modellar
- kjenner bruk av numeriske metodar for matematisk modellering i naturvitskap
Ferdigheter
Studenten
- kan bruke Phyton til deskriptiv statistikk og analyse av reelle data
- kan metodar som regresjon, korrelasjonsanalyse og minste kvadratars metode
- kan bruke eit og to-utvals t-testar
- kan løyse system av differensiallikningar numerisk
- kan setja opp enkle matematiske modellar som til dømes populasjonsmodellar
- kan bruke grafisk drøfting for å få ei kvalitativ forståing av løysingskurvane til differensiallikningar
- kan finne den partiell deriverte av funksjonar av fleire variable og bruke denne til å finne ekstrempunkter både analytisk og ved hjelp av numeriske metodar
- kan skrive og forstå eit Pyton-program
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i bruk av matematikk i naturvitenskap
- har erfaring med bruk av datamaskin til løysing av matematske og statistiske problem
- ser på kva måte matematisk teori er nyttig for oppstilling av ein modell i naturvitskapen
- veit på kva måte matematikk og statistikk kan nyttast i dataanalyse
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av forelesingar og dataøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver, gyldig i 2 semester (inneverande semester og påfølgjande haustsemester)
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen: 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@math.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.