Algebra
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MAT644
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i moderne algebraiske strukturar som grupper, ringer og kroppar. Dette er dei grunnleggjande algebraiske strukturane som finnast i alle delar av matematikken og som matematikarar bruker i sin forsking. Grupper modellerer symmetriar i objekt, til dømes i fysikk, og i gruppeteorien studerer ein korleis grupper er bygd opp. I ringteorien studerast særleg polynomringar, idealteori og kvotientringar. Ein utviklar grunnleggjande teori for kroppar og kroppsutvidingar, mellom anna konstruerast alle endelege kroppar. Klassiske resultat som umoglegheit av vinkelen sin tredeling og kuben sin dobling vert og vist.
Læringsutbyte
Undervisningssemester
Anna kvar vår. Undervisning kan bli avlyst dersom få oppmelde studentar.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet inngår i erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk og vert tilrettelagt for denne studentgruppa.
Emnet er også opent for studentar med studierett på eit av Matematisk institutt sine bachelor- og masterprogram, samt fakultetets lektorprogram og studentar med studierett på PPU deltid.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen: 4 timar. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Studentar med studierett på erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk, kan etter søknad få ha skriftleg eksamen på ein utdanningsinstitusjon nær eigen heimstad.