Andre semester medisin- og odontologistudiet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 25
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEDOD2
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet MEDOD2 byggjer på MEDOD1 og gjer studentane ein introduksjon til medisin- og odontologistudiet.
Studentane får kunnskap om biomedisin og cellebiologi som grunnleggjande fagfelt innanfor fagområda odontologi og medisin samt teoretisk og praktisk kunnskap om medisinsk statistikk og etikk.
Obligatoriske fag i semesteret:
- Celle2
- Medisinsk statistikk
- Etikk
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskaper:
- Vise grunnleggjande og detaljert kunnskap innan biokjemi, genetikk, cellebiologi, cellefysiologi og histologi og kunne beskrive eksempler på sykdomsmekanismer.
- Har inngåande kunnskap om korleis cellulære prosessar knytta til kosthald, fysisk aktivitet og livsstil påverkar helse og sjukdom.
- Gjøre greie for sannsynlighetsteori, deskriptiv statistikk, diagnostiske testar, fundamentale fordelingar, estimering og hypotesetesting, regresjon, overlevelseanalyse og grunnleggande metodar for analyse av randomiserte kliniske forsøk.
- Gjøre greie for etiske dilemma ein kan møte som student og profesjonsutøvar og sentrale etiske problemstillinger i medisin og odontologi.
Ferdigheter:
- Løyse biomedisinske og cellebiologiske problemstillingar knytt til underviste tema.
- Gje ei histologisk beskriving av utvalte vevsnitt ved hjelp av mikroskopi.
- Kunne beskrive observasjonar numerisk og grafisk, utføre statistisk analyse, forstå grunnleggande prinsipp og analyser for randomiserte kliniske forsøk.
- Identifisere og analysere etiske dilemma og grunngi etiske val som vedkjem pasientar og samfunn
Generell kompetanse:
- Kunne anvende biomedisinsk kunnskap for å forstå biokjemiske, cellulære og fysiologiske prosessar i sjukdom og helse.
- Vere i stand til kritisk å vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur
- Samarbeide med medstudentar i teoretisk gruppearbeid og praktiske øvingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Det vil bli brukt varierte vurderingsfomrer. Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på praktiske kurs
- Godkjende testar undervegs i semesteret
- Godkjende individuelle og gruppebaserte innleveringar
- Deltaking på TBL
Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatorar i samsvar med modell oppført i UiB sine reglar
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk