Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MET103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan kvalitativ samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i kvalitative forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis. Studentane skal få kjennskap til dei forskingsetiske problemstillingange som er aktuelle i forsking.
Kurset gjev ei brei innføring i kvalitative samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling, analyse og fortolking av forskjellige typar data, til dømes kvalitative forskingsintervju, deltakande observasjon og fokusgrupper. Emnet gjev også ei innføring i sentrale element i eit forskingsdesign, slik som problemstilling, utveljing av forskingseiningar og konseptualisering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- definere grunnleggjande omgrep som er relevante for kvalitative metodar
- gjere greie for etiske problemstillingar innafor kvalitative forskingsopplegg
- gjere greie for ulike typar kjelder, data og dataanalyse
- gjere greie for sentrale element i eit forskingsdesign
- skilje mellom ulike typar forskingsdesign
- gjere greie for korleis kvalitative data vert samla inn
- gjere greie for analyse av kvalitative data, og programvare som vert brukt til dette
Ferdigheiter
Studenten kan
- organisere, analysere og presentere kvalitative data
- diskutere og grunngje val av metode, eller kombinasjon av metodar (metodetriangulering), ut frå ulike problemstillingar
- diskutere styrker og svakheiter ved ulike typar forskingsdesign
- gjennomføre kvalitative intervju og kvalitative tekstanalysar
- skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- evaluere og kritisere kvalitative samfunnsvitskapelege analysar
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar: 10-12.
Seminar: 6-7
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av to øvingsoppgåver. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande semestra.
Ordgrensa for kvar oppgåve er 2000 ord +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg.
Tidligere beståtte arbeidskrav i MET102 vil være gyldige for MET103. De kvalitative oppgavene i MET102 (oppgave 1 og 2) tilsvarer hhv. oppgave 1 og 2 i MET103. Godkjente arbeidskrav er gyldige i semesteret de ble godkjent, samt de to påfølgende semestrene.
Vurderingsformer
4 timers skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.