Arbeidslivspraksis for mediestudentar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEVI390
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane skal få innsikt i og erfaring med kva type arbeid medievitarar kan utføra i arbeidslivet. Studentane får teoretisk innsikt i korleis medie- og kommunikasjonsarbeid føregår, etiske og praktiske utfordringar som typisk oppstår i slikt arbeid, og får høve til å hausta eigne erfaringar gjennom eit praksisopphald ved ei offentleg eller privat verksemd.
Emnet er delt inn i tre hoveddelar: Det pedagogiske opplegget består av ein serie førelesingar og seminar før praksisopphaldet. Her tar ein opp problemstillingar knytt til omstilling frå teoretisk til praktisk arbeid, får skrivetrening i sjangrar som er mykje nytta i arbeidslivet, og reflekterer over kva medievitarar kan bidra med i ulike bransjar. Praksisperioden vert lagt til ein offentleg etat eller ei privat verksemd. Arbeidsoppgåvene i praksisperioden er avtalt på førehand, og emneansvarlege held kontakt med student og arbeidsplass gjennom perioden. Etter praksisopphaldet skal studentane evaluera og reflektera over erfaringar og utbyte av praksisopphaldet. Det vert skipa til eit òpe seminar der studentane deler sine erfaringar med medstudentar og vertsbedrift.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva type arbeid og arbeidsoppgåver medievitarar kan utføra
- har kunnskap om etiske problemstillingar i medie- og kommunikasjonsarbeid
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføra ei rekke kommunikasjonsoppgåver, og meistrar skriftlege, visuelle og interaktive kommunikasjonsformer som pregar medie- og informasjonssarbeid i dagens arbeidsmarknad
- kan reflektera kring etiske problemstilling ein møter i yrkeslivet
- kan halda muntlege presentasjonar med engasjement og innleving
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruka teoretiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter som er tileigna gjennom utdanninga i medievitskap i praktisk medie- og kommunikasjonsarbeid
- kan ta del i nytenking, og nytte medievitskaplege perspektiv på nye område i eit arbeidsliv i endring
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Opptak etter søknad.
Søknadsfrist: onsdag i uke 3
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på førelesingar og seminar før praksisperioden. Deltaking og presentasjon på seminar etter praksisopphaldet. Oppmøte og aktivitetar under praksisopphaldet vert avtala med praksisverksemda.
Godkjente obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig inneverande og påfølgjande semester
Vurderingsformer
Rapport der studenten drøftar ei fagleg problemstilling knytta til praksisopphaldet i lys av relevant litteratur. Rapporten skal ha eit omfang på rundt 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og i påfølgande semester for studentar med gyldig obligatorisk aktivitet.
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre. Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises derfor til neste ordinære eksamen.