Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MIX100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ein teoretisk og praktisk introduksjon til interaksjonsdesign i eit medieperspektiv, med eit særleg fokus på brukarorienterte perspektiv knytt til mediebruk og -produksjon.
Vidare set emnet utdanninga i ein vitskapsteoretisk kontekst og gir ei forståing av korleis teori og praksis heng saman innan interaksjonsfeltet. Emnet gir òg trening å skrive akademisk kring interaksjonsdesign.
Det er sterkt anbefalt å melde seg som deltakar i brukerstudier. Ei slik praktisk oppleving kan vere eit godt supplement for betre å forstå litteratur om brukarstudier og eksperiment.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om aktuelle utfordringar i mediebransjen og kan gjere greie for relevansen av interaksjonsdesign for mediebruk og -produksjon.
- kan demonstrere grunnleggande forståing av interaksjonsdesign med særleg fokus på brukaroppleving og brukarorientert design.
- kan gjere greie for den vitskaplege forankringa til feltet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere mål for brukarvenlegheit og brukaroppleving i design av interaktive produkt.
- kan utvikle ein ide frå eit konsept til utvikling av enkle interaktive prototypar.
- kan skrive oppgåver som analyserer og reflekterer kring interaksjonsdesign frå ein akademisk ståstad og med bruk av relevante akademiske kjelder.
- kan nytte metodar for brukaranalyse og konseptutvikling.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan feltet interaksjonsdesign.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med fagfellar innan interaksjonsdesign.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
- INFO162 (5 sp)
- INFO262 (5 sp)
- MEPRO100 (5 sp)
- MIX101 (5 sp)
- DIKULT101 (5 sp)
Studentar som tidlegare har tatt MIX101, men ikkje MEPRO100, oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane har følgjande obligatoriske aktivitetar:
- deltaking i all undervisning
- utvikle ein prototype i grupper
- skriftlege oppgåver
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Studentane blir vurdert gjennom ei skriftleg individuell emneoppgåve basert på pensum og eigen produksjon.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.