Design for medieproduksjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å presentere studenten for utfordringar knytte til design av system og grenseflatar som støttar medieprodusentar i deira arbeid. Døme er brukarvenlege og brukarorienterte løysingar som hjelper journalistar å navigere store datamengder, applikasjonar som støttar journalistar i felten, og grenseflatar for kollaborativ nyhendeskriving.

I modul 1 blir studentane introdusert til fagfelta medieproduksjonsstudiar, datastøtta samarbeid og arbeidsplasstudiar, og får trening i etnografisk-orienterte metodar som observasjon og intervju.

I modul 2 vil dei i grupper bli utplassert hos ei mediebedrift kor dei utfører eit feltarbeid som lærer dei selskapets rutinar, arbeidsprosessar, verktøy og interaksjonsløysingar. I løpet av praksisperioden observerer studentane arbeidarane, og intervjuar dei om praksisane og erfaringane deira.

I modul 3 lagar og evaluerar studentane ein prototype som hjelper medieprodusentane i arbeidet.

Det er sterkt anbefalt å melde seg som deltakar i brukerstudier. Ei slik praktisk oppleving kan vere eit godt supplement for betre å forstå litteratur om brukarstudier og eksperiment.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for omgrep innan relevante felt som til dømes medieproduksjonsstudiar, datastøtta kollaborativt arbeid, og arbeidsplasstudiar
  • kan gjere greie for kvalitative og kvantitative metodar og den rolla etnografiske metodar har i medieproduksjons- og arbeidsplasstudiar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere utfordringar som mediepraktikarar har i det daglege arbeidet sitt, og foreslå løysingar knytte til korleis interaksjonsdesign og digital teknologi kan støtte samarbeid og forbetra arbeidsrutinar i mediebransjen
  • kan utføre etnografisk-inspirerte feltstudiar på ein arbeidsplass

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar i samspelet mellom medieproduksjon og interaksjonsdesign både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis
  • kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan fagfeltet interaksjonsdesign, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MIX201 (20 sp)
Krav til studierett
Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
  • Rettleiing, instruksjon/lab og workshop (om lag 6 timar per veke i 10 veker)
  • Feltarbeid i bedrift over ei firevekers periode
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppelevering: Studentane lagar og presenterer ein prototype knytt til modul 3 og diskuterar forholdet mellom prototypen og de opprinnelige forskningsspørsmålene sine.

Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

To deleksamenar:

  1. Individuell oppgåve: Studentane skriv ei individuell oppgåve knytt til modul 1. (teller 40%)
  2. Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport frå feltstudie/brukarstudie og prototype design knytt til modul 2 og 3. (teller 60%)

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.