Teknikkar, modellsystem og aktuelle forskingstema i molekylærbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Dette kurset introduserer forskingsområde innan moderne molekylærbiologi med fokus på forsking utført i faggruppa for molekylærbiologi ved Institutt for biovitskap. Studentane skal tileigne seg forståing for den konseptuelle bakgrunnen, dei eksperimentelle tilnærmingane og modellsystema som vert brukt i forsking på molekylære og genetiske interaksjonar, differensiering, fysiologi og homeostase av celler og korleis desse prosessane påverkar dyr under normal utvikling og under patologiske tilstandar. Emnet skal sette studentane i stand til å identifisere kunnskapshull innanfor eit bredt spekter av forskingsområde innanfor molekylærbiologi og å matche vitskapelege spørsmål med eksperimentelle tilnærmingar for å løyse dei.

Innhald:

Emnet tek opp nokre av følgande tema: Rolla til lipider og lipid-protein-interaksjonar og korleis dei bidreg til sjukdom, bruk av dyremodellorganismar for å studere utvikling av kreft, nervesystemutvikling og nevrodegenerative sjukdommar, regulering av proteinhomeostase, samt immunologi og vaksinologi til fisk.

Dei generelle konsepta og dei store ubesvarte spørsmåla innan desse forskingsområda vert introdusert. Metodikken for å kunne svara på desse spørsmåla vert forklart.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan forklare

  • hovudkonsepta innan forskingsområda nemnt ovanfor
  • særtrekk til modellorganismar som gjer dei eigna for desse forskingsområda
  • avanserte metodar for manipulering av genfunksjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • trekkje ut relevant informasjon frå forskingsartiklar og review-artiklar og presentera dette til andre forskarar
  • diskutere etiske aspekt ved bruk av modellorganismer og genmanipulering

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
MOL100 og, MOL201/BIO103. Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Studentar med studierett på bachelor- og masterprogrammet i molekylærbiologi og biologi har fortrinnsrett til emnet

Arbeids- og undervisningsformer

8 dobbeltførelesingar.

Deltaking på minst 5 MOL-seminar eller andre fagleg relevante seminar (må verte førehandsgodkjent av emneansvarleg).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet.

Obligatorisk oppmøte på alle førelesingar.

Dokumentert deltaking på minst 5 MOL-seminar (eller andre fagleg relevante seminar som er førehandsgodkjent av emneansvarleg).

Obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (inneverande og påfølgande semester).

Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve om eit tildelt tema.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studie@bio.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.