Bioetikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald

Målet er at studentane vert i stand til å vurdera bioetiske problem og forstår det normative aspektet ved etisk evaluering. Undervisinga blir i stor grad bestemt av aktuell samfunnsdebatt, nasjonale og internasjonale lovar og lovforslag og nyare bioteknologisk utvikling. Tema som testing av arveeigenskapar, genterapi, kloning, stamceller, assistert befrukting, xenotransplantasjon, bruk av dyr i forsking og matproduksjon, miljøetikk, føre var-prinsippet og DNA-analyser i etterforsking og rettsvesen vil bli diskutert. Forståing av etiske prinsipp blir og gjennomgått. Det blir lagt vekt på aktiv deltaking frå studentane i undervisinga. Faget passar for studentar frå alle fakultet og med ulik bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklara filosofiske, etiske, juridiske og biologiske aspekt ved aktuelle bioetiske spørsmål
  • kjenner til etikkens normative basis
  • har innsikt i nasjonale og internasjonale lovar og lovforslag som angår bioteknologi og bioetikk
  • har oversikt over nyare bioteknologiske trendar
  • kan greie ut om sentrale tema som genterapi, arveeigenskapar, assistert befruktning, stamceller og kloning, xenotransplantasjon, bruk av dyr i forsking og matproduksjon og genetisk modifisering av organismar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere ulike bioetiske aspekt i aktuell relevant samfunnsdebatt
  • kan presentere bioetiske problemstillingar munnleg og skriftlig for andre

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende kunnskap om bioetiske problem gjennom sjølvstendig evne til ansvarleg refleksjon og kritisk tenking

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast mandag veka etter fristen.

Første førelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første førelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
MNF220: 3sp
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen. Studentar på bachelor- pg masterprogram vert prioritert framfor studentar på post-studierett og årsstudium dersom emnet vert fullt.
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle førelesingar/seminar og prosjektoppgåver.
Vurderingsformer
Godkjente prosjektoppgåver.
Karakterskala
Bestått/ikkje-bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studeprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.