Samfunnsmusikkterapi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi i eit økologisk og samfunnsorientert perspektiv og inneheld tre hovudkomponentar:

Samfunnsmusikkterapeutisk teori og forsking

Kurset gjev eit oversyn over dei kontekstorienterte og økologiske perspektiv som pregar samfunnsmusikkterapien og over sentral forsking på feltet. Teoretisk omfattar dette tema som person i kontekst, deltaking, framføring, sosiale nettverk og sosial kapital, musikk- og helseomgrep i sosiokulturelt perspektiv og førebyggjande og helsefremmande arbeid gjennom musikk. Definisjonar av samfunnsmusikkterapi, ulike teoretiske perspektiv og døme på prosjekt frå ulike sosiale og kulturelle kontekstar blir også gjennomgått. Andre sentrale tema er makt, brukarmedverknad, sjølvforvaltning, empowerment, sjølvhjelp og inkludering/marginalisering, forstått i lys av dokument som menneskerettane og barnekonvensjonen.

Praktiske arbeidsmåtar

Kurset gjev ein introduksjon til sentrale arbeidsmåtar som har vist seg relevante i samfunnsmusikkterapien. Dette omfattar alt frå opne miljøtiltak til ulike integreringsprosjekt i eit lokalmiljø. Følgjande aktivitetsformer vil særleg bli vektlagde: opne og improvisasjonsorienterte musikkgrupper, samspel i band, korarbeid, musikkspel og revy, musikkafé, framføring og konsertverksemd. Ved sidan av det konkrete musikkarbeidet, vil det også bli fokusert på indirekte og systemorientert arbeid, t.d. i høve til organisasjonar, lokalsamfunn, kultur, politikk og økonomi.

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe (RelKom)

Målet med RelKom er å gje studentane grunnleggjande kommunikativ kompetanse for arbeid med menneske, å utvikle studentane si evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle ei betre forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. RelKom omfattar m.a. kontakt- og samarbeidsøvingar og grunntrening i å vere nærverande, å merke eigne og andre sine grenser, og å vere sentrert i kontakt med andre menneske. Kurset byggjer vidare på RelKom i MUTP205.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har god kunnskap om samfunnsmusikkterapeutisk teori og praksis.

Dugleikar

Studenten forstår musikken sin funksjon i samfunnet og har ei konstruktiv og etisk haldning til bruk av musikk som helsefremjande verkemiddel.

Generell kompetanse

Studenten kjenner til korleis musikkarbeidet kan inngå i kulturelle og sosiale nettverk. Studenten er fortruleg med brukarmedverknad, sjølvforvaltning og inkludering.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Opptak på det integrerte masterprogrammet og fullført MUTP101 / Innføring i musikkterapi.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidet i emnet er sett saman av varierte undervisingsaktivitetar, og føreset aktiv studentmedverknad. Konkrete aktivitetar inkluderer forelesing, gruppearbeid, verkstad/workshop m.m.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i undervising, inkludert forelesing, verkstad, gruppearbeid, studentpresentasjonar m.m.
  • Framsyning, lydinnspeling, film el.l. knytt til eit samfunnsmusikkterapeutisk prosjekt.
  • Praktisk-metodisk arbeidsbok
  • Deltaking i Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Alle obligatoriske aktivitetar skal vere gjennomførte og godkjente før eksamen. Manglande godkjenning av ein eller fleire aktivitetar fører normalt til tap av eksamensrett. For undervisinga gjeld eit minumum på 80% oppmøte samla sett, for å få aktiviteten godkjent. For Relasjons- og kommunikasjonsgruppe gjeld 100% oppmøte.

Vurderingsformer
Eit munnleg foredrag på 20-30 minutt.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Litteraturliste

Pensum er på ca. 750 s. I tillegg kjem metodisk materiale som studenten tileignar seg eit nærare bestemt utval i frå og samlar i ei arbeidsbok.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvaltitetssikringssystem.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design
Institutt
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk