Innføring i musikkterapeutisk praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei innføring i musikkterapeutisk praksis og aktuelle arbeidsfelt. Emnet skal gje forståing av musikkterapeutens arbeid i eit tverrfaglig team og i forskjellige kontekstar i samfunnet og helsevesenet.

Emnet omfattar fire hovudkomponentar:

Musikkterapeutisk praksis

Innføring i arbeidsformer og musikkterapiprosessar i ulike arbeidsfelt, med vekt på relasjonen mellom terapeut og brukar/pasient og på musikkterapi som sosial og situert praksis

Refleksivitet

Introduksjon til profesjonalitet og yrkesetikk (teieplikt, konfidensialitet, rettleiing, og loggskriving)

Kommunikasjon og samarbeid

Introduksjon til tverrfagleg samarbeid og tverretatleg samhandling

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe (RelKom)

Målet med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kommunikativ kompetanse for arbeid med menneske, å utvikle studentane si evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle ei gryande forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset omfattar m.a. kontakt- og samarbeidsøvingar og grunntrening i å vere nærverande, å merke eigne og andre sine grenser.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten viser grunnleggjande forståing av forskjellige praksisområde i musikkterapi.

Studenten viser elementær forståing av musikkterapi i ein tverrfagleg og systemisk kontekst

elementær forståing av yrkesrolle og profesjonalitet

Dugleikar

Studenten viser evne til å observere og rapportere om musikkterapeutisk praksis.

Studenten demonstrerer ei grunnleggjande profesjonell haldning.

Generell kompetanse

Studenten har forståing av musikkterapeutisk praksis og rolle i forskjellige praksissamanhengar.

Studenten har evne til å reflektere over eiga forståing og eigen læringsprosess og over framtidige roller som profesjonsutøvar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått MUTP100, MUTP103, MUTP104, MUTP105
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidet i emnet er sett saman av varierte undervisingsaktivitetar, og føreset aktiv studentmedverknad. Konkrete aktivitetar inkluderer verkstad/workshop, studentpresentasjonar, forelesing, skriveseminar, rollespel m.m.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i undervising, inkludert forelesing, workshop, seminar, rollespel, studentpresentasjonar m.m.
  • Tre skriftlige tekstar, kvar på ca 1000 ord
    Tekst 1: Observasjonsoppgave
    Tekst 2: Refleksjonsoppgave
    Tekst 3: Analyseoppgåve

¿ Praktisk-metodisk arbeidsbok

¿ Deltaking i Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Alle obligatoriske aktivitetar skal vere gjennomførte og godkjente før eksamen. Manglande godkjenning av ein eller fleire aktivitetar fører normalt til tap av eksamensrett. For undervisinga gjeld eit minumum på 80% oppmøte samla sett, for å få aktiviteten godkjent. For Relasjons- og kommunikasjonsgruppe gjeld 100% oppmøte.

Vurderingsformer
Ei individuell skriftleg oppgåve basert på dei tre skriftlege arbeida gjennom semesteret.
Omfang: 3000-4000 ord
Karakterskala
Bokstavakarakter A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum: ca. 700 sider.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvaltitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk