Bachelorprosjekt i Nanoteknologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studenten erfaring med vitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt med nanovitskapleg innretning. Studentane skal i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar definere ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve ("prosjektet"), gjennomføre arbeidet og presentere det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve. Studentane skal og lage ein plakat (poster) der prosjektet blir presentert. 

Emnet inkluderer eit HMS II-kurs.

Innhald

I emnet skal studenten gjennomføre eit nanovitskapleg prosjekt i ei forskingsgruppe e.l. under fagleg rettleiing. Studenten skal presentere prosjektet på ulike måtar (skriftleg prosjektrapport i vitskapleg stil, munnlege framstillingar og plakat)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten kan

  • setje seg grundig inn i ei ny nanoteknologisk problemstilling
  • planlegge og gjennomføre eit avgrensa prosjekt.
  • presentere vitskapelege resultat skriftleg og munnleg.
  • kan tileigne seg djupare kunnskapar om eit tema gjennom eige arbeid.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • finne informasjon om eit gitt tema i vitskapleg litteratur.
  • strukturere arbeidet i eit sjølvstendig prosjekt.
  • nytte vitskaplege metodar til å undersøkja ei nanoteknologisk problemstilling.
  • skrive ein strukturert og fagleg korrekt rapport for eit nanoteknologisk prosjekt.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • ta nødvendige steg for å sikre framdrift av eit prosjekt.
  • vurdere kvalitet og relevans av eigne resultat.
  • formidle resultat av eige arbeid gjennom skriftleg rapport, plakat og munnleg framstilling.
  • delta i faglege diskusjonar rundt eiga arbeid.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:

www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

INF100, KJEM110, KJEM120, KJEM221 eller tilsvarande, KJEM291,  PHYS111, PHYS112, NANO100, NANO161, NANO244. eitt av  (KJEM124, KJEM243, PHYS114, (MOL200 eller MOL201)

KJEM291 kan takast samtidig med NANO299.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

KJEM298: 10 SP

KJEM299: 10 SP

PHYS117: 10 SP

Krav til studierett
Emnet er ope kun for studentar med opptak på Bachelorprogram i nanoteknologi (BAMN-NANO).
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: Kurset vert undervist i bolkar. I hovudsak vil bolkane leggast til tida før og etter prosjektperioden.

Prosjektarbeid: Over ein periode på 6-8 veker utfører studentane prosjektarbeid under rettleiing (studentane arbeider normalt i grupper på 2-3 studentar, alternativt kan ein arbeida aleine).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på første forelesning.

Det er krav om minimum 80 % deltaking i felles undervisning (I hovudsak før og etter prosjektperioden).

To munnlege framføringar av prosjektet (Ein før prosjektarbeidet har starta og ein etter at prosjektet er ferdig) .

Individuell skriftleg oppgåve/rapport. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakter basert på den skriftlege innleverte oppgåva.

Studentane skal lage og presentere ein plakat (poster) basert på den skriftlege rapporten, 

Deltaking på HMS-II kurset ved Kjemisk Institutt er ei forutsetning.

Obligatorisk deltaking i undervisninga i innleiingsdelen er gyldig i 2 påfylgjande semester.

Vurderingsformer
Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakterar basert på den skriftlege innleverte oppgåva.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for Nanoteknologi og -vitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@nano.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.