Nordisk: Den eldre litteraturen for integrert lærarutdanning
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOLI103-L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå og med norrøn tid og fram til 1900. I tillegg inneheld emnet eit litteraturhistorisk og eit teoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag 2/3 av emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.
Studentane vil få god kjennskap til sentrale nordiske, særleg norske, tekstar og forfattarskapar frå norrøn tid og fram til 1900. Dei vil òg få innsikt i eldre litteratur og kulturutvikling. Emnet byggjer vidare på kunnskapane frå NOLI102, og er retta mot framtidige norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som har arbeid der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.
Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for den einskilde teksten. Men emnet skal òg bidra til refleksjon kring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.
Emnet skal auke den sjangerteoretiske forståinga studentane fekk på NOLI102.
Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa i eit historisk, estetisk og medialt perspektiv.
Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig og over tid med ei skjønnlitterær eller litteraturhistoriografisk problemstilling og til å drøfte dette arbeidet med dei andre studentane.
Læringsutbyte
Etter å ha studert emnet skal studentane:
Kunnskapar
- ha kunnskap om innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten
- ha kunnskap om sentrale nordiske, særleg norske forfattarskapar frå og med norrøn tid og fram til 1900
- kjenne dei sentrale litteraturhistoriske periodiseringsomgrepa
Ferdigheiter
- drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane
- kunne nytte dei mest sentrale periodiseringsomgrepa og problematisere dei ut frå relevant teori
- drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet skjønnlitteratur-sakprosa med tekstar som døme
Overførbare ferdigheiter
- drøfte litteraturhistorisk plassering av eldre nordiske tekstar som ikkje er på pensum, og analysere slike tekstar ved hjelp av sjangerteoretiske omgrep
- samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk
- gje ei sjølvstendig utgreiing om meir spesifikke problemstillingar knytte til eit sjølvvalt litterært tema
- drøfte samtidslitteratur i eit historisk perspektiv
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på:
Integrert lektorutdanning med master i nordisk
Integrert lektorutdanning med master i framandspråk
Integrert lektorutdanning med master i religionsvitskap
Integrert lektorutdanning med master i historie
Bachelorprogram i norsk som andrespråk
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga varierer mellom førelesingar og arbeidsgrupper. (Tilsvarande 2 dobbeltimar i veka).
Gjennomføringa av tilrettelagt kollokvium (som da kjem i tillegg til annen undervisning) er avhengig av ressurssituasjonen på instituttet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere eit skriftleg arbeid i løpet av semesteret.
Den obligatoriske oppgåva skal skrivast på bokmål.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. På den skriftlege prøva skal eksamenssvaret skrivast på norsk, og studenten vel målform sjølv.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.
Godkjend obligatorisk oppgåve er ein føresetnad for å gå opp til skriftleg eksamen.