Hjerteavbilding i forskning
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NORHEART901
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Kursinnhald
Kurset vil ta for seg dei mogelegheitene ekkokardiografi, hjarte CT og magnetresonanstomografi (MR) gjev innanfor hjarteforsking.
Målet med kurset er å fremme kunnskap, vitskapleg samspel og nettverksbygging mellom PhD kandidatar og forskarlinestudentar som brukar non-invasive hjarteavbildingsmetodar i si forsking.
Kurset vert arrangert av Norsk PhD skule i hjarteforsking (NORHEART) i samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB). For meir informasjon sjå: www.norheart.no
Læringsutbyte
Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:
Kunnskapar:
- vere i kunnskapsfronten om teoretisk og praktisk nytte av ulike non-invasive hjarteavbildingsmetodar i klinisk og eksperimentell forsking
- kunne vurdere fordelar og ulemper i val av hjarteavbildingsmetodar
- kunne bidra til å utvikle ny kunnskap innanfor non-invasive hjarteavbildingsmetodar
Ferdigheiter:
- kunne planlegge og utføre eiga forsking med non-invasive hjarteavbildingsmetodar på høgt internasjonalt nivå
- kunne handtere komplekse metodespørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis innan hjarteavbilding
- gje og ta imot fagleg kritikk på eit høgt nivå
Generell kompetanse:
- drøfte og vurdere bruk av ulike hjarteavbildingsmetodar i forsking
- utveksle teknisk ekspertise og erfaring gjennom presentasjon av eiga forsking
- analysere og diskutere vitskapelege metodeartiklar
Undervisingsperiode
Studiepoeng
Undervisingsstad
Undervisingsspråk
Påmelding og -fristar
Påmelding via Norheart.no
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Inngår i opplæringsdel
Vurderingsform
Kven kan delta
Utfyllande kursomtale
Kurset består av forelesningar, gruppearbeid og presentasjon av eiga forsking.
Kursvarighet 3 dagar (24 timar).
Kursdeltakarane må lese gjennom anbefalt kurslitteratur, ca. 120 sider state-of-the-art oversiktsartiklar som omhandlar bruk av dei hjarteavbildingsmetodane som kurset omfattar (40 timer). Kursdeltakarane må sende inn eit abstrakt på maks 1 side basert på eiga forsking (10 timer).
Kursdeltakarane må førebu ein 10 minutts abstraktpresentasjon og gruppearbeid (10 timar).
Program
Foredrag á 30 minutt
Internasjonalt foredrag á 45 minutt
Diskusjon
Gruppearbeid og presentasjonar av eiga forsking
Eksamen