Nordisk: Språkhistorie og talemål

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.

Innhald:

Emnet har to hovudtema:

(1) norsk språkhistorie frå urnordisk til moderne norsk

(2) geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk inkludert fonologi

Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av norsk spesielt, både dialektane og målformene bokmål og nynorsk. Det omfattar ein mindre del om norrøn grammatikk og lydlære som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.

Studiet av talemål skal gi oversyn over grammatisk (inkludert fonologisk), geografisk og sosial variasjon i talt norsk med vekt på å kunne beskrive og forklare både talemålets språksystem og språkleg variasjon i rom og tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har god kjennskap til relevant, språkvitskapleg fagterminologi, inkludert bruk av lydskrift

- har kunnskap om utviklinga av norske talemål frå urnordisk og fram til i dag

- har kjennskap til norrøn grammatikk og lydlære

- har kunnskap om utviklinga av skriftspråk og skriftkunne i Norge frå urnordisk og fram til i dag

- har kunnskap om variasjon i norske dialekter i eit grammatisk, geografisk og sosialt perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale

- skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

- kan bruke relevant, språkvitskapleg fagterminologi, inkludert lydskrift

- kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg

- kan gjengi og referere dei viktigaste oversiktene og poenga frå undervisninga og pensum på ein sjølvstendig måte

- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språkhistorie og om variasjonen i talt norsk

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust [Frå 2027: vår og haust]

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar om norsk språk og gode ferdigheiter i skriftleg norsk
Studiepoengsreduksjon
Emnet har full overlapping med NOSP103-L og 10 studiepoeng overlapping med NOSP103 og NOSP103-F.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene er (1) førelesingar og (2) oppgåveseminar der studentane arbeider med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet.

Det er sterkt tilrådd at studentane møter til førelesingane og deltek på seminara.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei oppgåve på inntil 1000 ord. Det blir gitt tilbakemelding på oppgåva. Oppgåva skal skrivast på nynorsk.

Ei oppgåve som ikkje tilfredsstiller faglege og språklege minimumskrav, må leverast på nytt. Ved andre gongs levering må minimumskrava vere tilfredsstilte for at den obligatoriske aktiviteten skal bli godkjend.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisingssemesteret.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein skriftleg skuleeksamen på fire timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester

Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

[Frå 2027: vår og haust]

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 700 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.

[Innan 2027: Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juli for haustsemesteret.]

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Retteprogram i Inspera er slått på under skuleeksamen. Ingen andre hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium