Innføring i klinisk ernæring
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NUTR100
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet vil gje ei innføring i ernæring, med sterk vekt på fagleg bredde, element som er sentrale i ernæringslære og tverrfaglege element. Studentane får innsikt i vitskapeleg arbeid (mellom anna ved å søke vitskapeleg litteratur) og i det kliniske arbeidet (ved å følgje ein klinisk ernæringsfysiolog i arbeidsdagen). Studentane blir kjent med utviklinga i det norske kosthaldet, samars mattradisjonar, og kulturelle og religiøse kostomsyn. Den vitskaplege bakgrunnen for kostråd og ernæringsanbefalingar samt bruk av desse i praksis er ein viktig del av emnet. Vidare lærar dei om metodane som er sentrale i ernæringsforsking og klinisk arbeid (matvaretabellen, kostregistrering, feilkjelder i kostregistrering, måling av ernæringsstatus, energimetabolisme). Studentane får og ei innføring i matvarekunnskap med vekt på dei mest brukte matvarene i Noreg. Vidare får studentane ei innføring i ernæring si rolle ved utvikling av ikkje-smittsame sjukdomar som hjarte-kar, kreft, diabetes og fedme. Emnet legg vekt på både teori og praksis og aktiv deltaking av studentane.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studentane..
- Har brei kunnskap om relevante forskingsmetodar innan klinisk-, og epidemiologisk kosthalds- og ernæringsforsking, inkludert fortolking av resultat.
- Har brei kunnskap om energiomsetninga og betydinga av fysisk aktivitet hos friske og ved ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar.
- Har brei kunnskap innanfor førebygging av dei vanlegaste ikkje-smittsame sjukdommane, og deira betyding for samfunnet, og variasjon i prevalens over tid.
- Har brei kunnskap om matvare- og næringsstoffanbefalingar og om grunnlaget for utarbeidinga av kostråd til friske menneske.
- Har kunnskap om matvarer si oppbygning, bruksområde og innhald av næringsstoff og deira betyding i kosthaldet.
- Har kunnskap om metodar for kosthaldsanalyse på individ-, gruppe- og befolkningsnivå, og kan samanlikne kosthaldet med anbefalingar og retningslinjer.
- Har kunnskap om kostvanar og ernæringsproblem i Norge, inkludert samars mattradisjonar og kostvanar.
- Har kunnskap om dei vanlegaste religiøse og kulturelle kostomsyna.
Ferdigheiter: Studentane..
- Kan beherske metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost og næringsinntak, antropometri og kroppssamansetning.
- Kan finne, vurdere og vise til ulike informasjonskjelder innan kosthalds- og ernæringsforsking.
- Kan analysere og forholde seg kritisk til ernæringsfaglege problemstillingar og trendar i media, og vurdere disse opp mot kunnskapsbasert ernæringsarbeid.
Generell kompetanse: Studentane..
- Kan formidle generelle kostråd til heile befolkninga eller til grupper av befolkninga som ein del av helsefremmande og førebyggande ernæringsarbeid.
- Kunne tileigne seg ny kunnskap og foreta faglege vurderingar, avgjerder og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Kandidaten skal også kunne dokumentere og formidle sin faglege kunnskap.
- Har innsikt i matkulturar og mattradisjonar frå urbefolkning og dei største innvandrargruppene i Norge og kan formidle kulturtilpassa kostrettleiing.
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Emnet går over to semestre og har eksamen på våren.
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i ernæring
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og gruppearbeid inkludert studentpresentasjonar.
Praktiske kurs, hospitering og øvingar i ulike tema inkludert:
- Bibliotekskurs ved Universitetsbiblioteket
- Hospitering på sjukehuskjøkkenet
- Hospitering med kef (klinisk ernæringsfysiolog)
- Øvingar i metodar i ernæringsforsking- og behandling (Kroppssamansetning/antropometri, Matvaretabellen, Porsjonsstorleik, Kostintervju)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på bibliotekskurs, studentpresentasjonar, hospitering på sjukehuskjøkkenet og hospitering med kef er obligatorisk.
Deltaking på minst 80% av øvingar i metodar.
Vurderingsformer
3 t skriftleg eksamen
Emnet går over to semester og har eksamen på våren.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i UiB sine reglar