Mikrobiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 2
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD2MIKR
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten kan gjere greie for:
- Korleis dei aktuelle mikroorganismane, mikrobielt tannbelegg (biofilm) og mikroøkologiske endringar kan føre til infeksjon og betennelse
- At infeksjonar ikkje alltid gir kliniske symptom og vevsendringar hos pasientane, men at slike pasientar likevel kan vere smittefarlege
- Greie ut om og bruke kunnskapar om dental biofilm profylaktisk, det vil seie å hindre at slik biofilm blir danna og at biofilmrelaterte sjukdomar dermed utviklar seg
- Greie ut om og kunne ta prøver av saliva og tannbelegg og vite korleis prøvene kan nyttast til mengdebestemming av kariesbakteriar for å bestemme pasientar sin kariesrisiko
- Korleis effektiviteten til sterilisatorar kan undersøkjast mikrobiologisk
Ferdigheiter
Studenten kan:
- Omgåast mikroorganismar på ein forsvarleg måte
- Så ut mikroorganismar på vekstmedium og vurdere veksten
- Framstille og undersøkje gram-preparat med mikroskop
- Utføre sterilisatorkontroll med sporeprøver
Generell kompetanse
Studenten:
- Er ut frå mikrobiologiske kunnskapar motivert for førebygging av karies og tannløysingssjukdom
- Innrettar seg slik at risiko for sjølv å bli smitta er minst mogleg
- praktiserar, ut frå kunnskapane om smittsame sjukdomar, gjeldande anbefalte smitteførebyggjande tiltak ved pasientbehandling
- har, basert på kunnskap om farane ved spreiing av resistente bakteriar, ei restriktiv holdning til bruk av antimikrobielle middel i odontologisk praksis for slik å bidra til å hindre spreiing av resistens mot antimikrobielle middel
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar forelesingar, og eit obligatorisk laboratoriekurs. Undervisningsportalen Mitt UiB brukast for formidling av informasjon, timeplan, forelesningsnotater og som tovegs kommunikasjon mellom faglærar og studentane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane leverer inn laboratoriejournal som må godkjennast av faglærar for å få gå opp til studieplanfesta prøve i 4. semester.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
Vurderingsformer
Skriftlig prøve, 2 timar.
Når vurderingsforma i eit emne er «skriftleg prøve», vil det bli arrangert to kontinuasjonsprøver innan kort tid for studentar utan gyldig resultat. Studentar som ikkje har oppnådd gyldig resultat etter tre forsøk, blir flytta ned til lågare kull. Dei tre forsøka som høyrer til kvar gjennomføring av emnet, blir rekna som eitt vurderingsforsøk i samsvar med UiBs forskrift om studiar §8-1 (1). På grunn av den korte tida mellom ordinær og ny prøve, vil klaga på sensur ikkje bli behandla før tredje forsøk er gjennomført. Dersom tredje forsøk blir gjennomført som munnleg prøve, er det dei to tidlegare skriftlege forsøka som er gjenstand for klagebehandlinga.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Engelkirk et al. Burton's Microbiology for the Health Sciences. 11th editionJones & Bartlett Learning, 2019. ISBN 978-284-20995-2. Alle kapitler er aktuelle.
March & Martin's. Oral microbiology, 6th Elsevier, 2016.ISBN 978-0-7020-6106-6. 261 sider. Alle kapitler er aktuelle.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Kurt Hanevik, MD, PhD
Førsteamanusensis, Kinisk institutt 2