Generell patologi og immunologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 7
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD2PATIM
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Faget omfattar læra om sjukdomsprosessane i si alminnelegheit, korleis dei manifesterer seg i organa, bygnaden, funksjonen og reaksjonsmekanismane til immunsystemet, korleis redusert immunforsvar gir nedsett infeksjonsforsvar og kan føre til tumorutvikling og autoimmunsjukdom, korleis immunologisk overreaksjon gir overømfintlegheit (allergi) samt korleis sjukdomar kan diagnostiserast ved hjelp av metodar som er vanlege i patologien. I immunologidelen blir det lagt vekt på basale prinsipp med eksempel frå sjukdomstilstandar og kliniske symptom som er relevante for tannlegar.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten skal kunne greie ut om:
- dei grunnleggjande biologiske/immunologiske mekanismane som ligg til grunn for utvikling av sjukdom
- immunapparatet si tyding for kroppen sitt infeksjonsforsvar og konsekvensar av immunsvikt og immunologisk overreaksjon
- diagnostiske arbeidsmetodar innan patologi og immunologi og kunne applisere desse på aktuelle organ og vev i kroppen
- dei grunnleggjande morfologiske trekka (makroskopiske og mikroskopiske) ved aktuelle sjukdomsprosessar
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne:
- påvise patologiske endringar i eit organ
- nytte mikroskop for immunologiske undersøkingar
Generell kompetanse
Kandidaten skal:
- utvikle respekt for menneskekroppen
- utvikle respekt for pasientane sine sjukdomar
- forstå tydinga av teieplikt når det gjeld pasienten sin anamnese
- sjå munnhola som ein del av heile kroppen
- utvikle nysgjerrigheit for mekanismar som ligg til grunn for utvikling av sjukdom
Studiepoeng, omfang
7 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår, fjerde semester
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått tredje semester i Integrert masterprogram i odontologi
Studiepoengsreduksjon
OD2PATI 7 studiepoeng
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
- Regelmessige forelesningar innan patologi og immunologi
- I patologi vil det bli halde kurs i histopatologisk analyse av vevssnitt, i hovudsak ved bruk av digitale scannete snitt (virtuell mikroskopi) i tillegg til ordinær mikroskopering.
- I patologi vil det bli halde demonstrasjonar frå obduksjonspreparat
- Immunologikurs
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga omfattar forelesingar, demonstrasjonar og kurs i mikroskopi samt laboratoriekurs i immunologi med journal som leverast inn for godkjenning av faglærar.
Lærestoff blir lagt ut i Mitt UiB. Tovegs kommunikasjon mellom lærar og studentar skjer via Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Patologi: Kurs i mikroskopering og obduksjonsdemonstrasjonar er obligatoriske
Immunologi: Immunologikurs er obligatorisk. Kursjournal her må være godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
Undervisninga blir avslutta med ein 4 timar lang skriftleg eksamen.
Eksamen inneheld to delar: ein patologi- og ein immunologidel. Begge delane må vere bestått for å bestå emnet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår, fjerde semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01. 12.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programutvalg for odontologiske fag
Emneansvarleg
Professor Daniela Elena Costea, Klinisk Institutt 1
Administrativt ansvarleg
Klinisk institutt 1