Kjeve- og ansiktsradiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 2
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD2RØNT
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I faget kjeve- og ansiktsradiologi skal studentane lære korleis røntgenstråling blir danna, effekten av ho, og korleis røntgenstråling blir brukt til å avbilde tenner, støttevevet til tennene og omliggande kjeve- og ansiktsstrukturar, samt lære å tolke røntgenbileta.
OD2RØNT er eit ferdigheitskurs som gjev grunn for pasienttreningsdelen (OD3RØNT). Fullført OD2RØNT er eit krav for å kunne følgje OD3RØNT. Emna er på til sammen 8 studiepoeng
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten kan gjere greie for
- Opphavet og eigenskapane til røntgenstråling og korleis røntgenstråler blir brukte til å avbilde tenner, støttevevet til tennene og omliggande kjeve- og ansiktsstrukturar.
- Dei biologiske effektane av røntgenstråling og praktisk strålevern, det vil si vurdering av berettigelse og tilnærming til optimalisering ved intraorale og panorama undersøkingar.
- Teoretisk og praktisk tilnærming til projeksjonsteknikk ved intraoral bildeundersøking.
- Normalanatomiske strukturar i intraorale bilete
Ferdigheiter
Studenten kan
- Praktisk gjennomføre intraorale bildeopptak
- Granske, tolke og namngje normalanatomiske strukturar på intraole bilete
Generell kompetanse
Studenten har klinisk forståing for tydinga av gode arbeidsrutinar og grunnlag for å kunne kommunisere med pasienter og kollega.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Klinisk undervisning i form av seminar og røntgen ferdigheitskurs er obligatorisk. Det blir i 4. semester halde prøve i normal røntgenanatomi. Prøve må vera bestått for at OD2RØNT kan godkjennast og studenten gå vidare til OD3RØNT.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.
Vurderingsformer
Praktiske ferdigheiter blir vurdert fortløpande under kurset. Før studenten kan gå opp til kursprøve (30 minutt skriftlig prøve) skal klinisk lærer godkjenne at studenten er i stand til å ta alle røntgenbilete i ein heil-status. Den avsluttande prøva i røntgenanatomi blir vurdert av intern sensor.
Når vurderingsforma i eit emne er «skriftleg prøve», vil det bli arrangert to kontinuasjonsprøver innan kort tid for studentar utan gyldig resultat. Studentar som ikkje har oppnådd gyldig resultat etter tre forsøk, blir flytta ned til lågare kull. Dei tre forsøka som høyrer til kvar gjennomføring av emnet, blir rekna som eitt vurderingsforsøk i samsvar med UiBs forskrift om studiar §8-1 (1). På grunn av den korte tida mellom ordinær og ny prøve, vil klaga på sensur ikkje bli behandla før tredje forsøk er gjennomført. Dersom tredje forsøk blir gjennomført som munnleg prøve, er det dei to tidlegare skriftlege forsøka som er gjenstand for klagebehandlinga.