Plan for masteroppgave
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD3MAST
- Talet på semester
- 3
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I løpet av kurset skal studenten utarbeide ein Prosjektplan. Prosjektplanen er utgangspunkt for masteroppgåva som skal leverast i femte studieår (OD5MAST).
Ved oppstart av kurset skal studenten og rettleiar underteikne og levere ein rettleiarkontrakt/veilederkontrakt.
Vanlegvis vil ein masteroppgåve skrivast med utgangspunkt i anten ein litteraturstudie, kasuistikk, eit klinisk arbeid, ein klinisk studie eller eit laboratorieprosjekt. Det må vurderast om prosjektet må søkje etisk godkjenning (frå REK) og om det inneheld personopplysningar. Det må då registrerast i RETTE ved UiB. Prosjektplanen (ein protokoll) vil normalt vere vedlegg til i ein søknad til REK.
Prosjektplanen skal innehalde ein tidsplan for masteroppgåva, ein beskriving av metodar som skal nyttas for prosjektet og datagrunnlag for oppgåva.
Prosjektplanen skal gi ein bakgrunn for emnet som er valt og ein kort oversikt over litteratur innan området/emnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten skal etter kurset:
- forstå korleis ein plan for eit forskingsprosjekt legges opp.
- ha ein forståing for om eit prosjekt krev ein protokoll, til framlegging for etisk komité (REK), eller om ein enklare prosjektskisse med ein tidsramme er tilstrekkeleg.
Ferdigheiter:
Studenten skal:
- basert på ein idé, kunne setja opp ein plan/skisse for eit forskingsprosjekt.
- kunne lage eit fornuftig oppsett og disposisjon av ein forskingsprotokoll/prosjektskisse, som kan nyttas i arbeidet med masteroppgåva.
Generell kompetanse:
Studenten skal forstå korleis start av eit forskingsprosjekt legges opp og ha eit grunnlag for eit strukturert arbeid med masteroppgåva.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Vurderingsformer
Vurderinga inneheld tre delar som alle må vere bestått:
Fjerde semester: Deltaking på akademisk veke, oppstartseminar
Femte semester: Innlevering av Prosjektplan
Sjette semester: Deltaking på akademisk veke, presentasjon av Prosjektplan