Periodonti + klinikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- OD3PERIO
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten skal kunne greie ut om
- fagets omgrepsapparat.
- pre- og parakliniske disiplinar som inngår i studiet og som er relevante for faget periodonti.
- dei periodontale sjukdommars etiologi og patogenese på eit makro- og mikroskopisk og molekylærbiologisk plan.
- samspelet mellom generell helse, systemiske faktorer/-sjukdommar og periodontal sjukdom og korleis behandling av periodontal sjukdom gjennomføras hos pasientar med ulike generellmedisinske tilstandar.
- periodontal sjukdoms epidemiologi og betydinga av periodontitt for befolkningas helse samt klassifikasjon av periodontal sjukdom.
- periodontal diagnostikk, behandlingsplanlegging, førebygging, behandling og prognosevurdering.
- bruk av antimikrobielle midlar ved periodontal terapi.
- patogenese, diagnostikk, førebygging og behandling med dentale implantatar.
- trygdereglar og økonomiske støtteordninger som angår periodontal behandling.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- vise gode ferdigheiter i klinisk periodonti for å diagnostisere sjukdommane, greie ut om behovet for behandling, planleggje periodontal terapi og bedømme prognosen etter behandling.
- kommunisere med pasientar om periodontale sjukdommars årsaksfaktorar og naturlege historie, og samstundes motivere og gjere pasientar bevisste på betre tannhelse samt instruere i naudsynte hjelpemiddel.
- utføre supra- og subgingival depurasjon ved bruk av manuelle og maskinelle hjelpemiddel.
- vise kliniske ferdigheiter i ikkje-kirurgisk behandling av milde og moderate formar for periodontal sjukdom.
- diagnostisere, førebygge og behandle sjukdom i peri-implantat vev.
- bedømme medisinske risikofaktorar ved periodontal behandling av pasientar med systemiske sjukdommar og tilstandar og kunne skilje ut kasus som bør overføras for behandling av spesialist.
- vere kompetent til å evaluere utfallet av periodontal behandling, foreta risikovurderinger, leggje til rette for og gjennomføre periodontal vedlikehaldsbehandling.
- kommunisere med spesialistar i periodonti og anna helsepersonell ved behandling av kompliserte kasus.
Generell kompetanse
Undervisinga skal bevisstgjere studenten si haldning til faget slik at ho/han som ferdig tannlege kan fungere kollegialt og til einkvar tid utføre forsvarleg behandling både i lys av fagets forskningsmessige utvikling og helsevesenet sine etiske reglar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent klinisk kurs av OD3PERIO er eit krav for å gå opp til eksamen. Alle delar av undervisinga er obligatorisk med unntak av førelesingene.Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.