Kjeve- og ansiktsradiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 4
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- OD3RØNT
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten skal kunna gjere greie for;
- Teoretisk og praktisk tilnærming til pasientplassering og opptaksteknikk ved panoramaopptak.
- Normalanatomiske strukturar i panoramabilete.
- Vurdering av bildekvalitet og reflektere over bildekvalitetens betyding for røntgendiagnostiske vurderingar.
- Røntgendiagnostiske funn ved karies, marginale og periradikulære endringar hos vaksne og barn.
- Grunnleggande aspekt ved CBCT teknikk og vanlege indikasjonar for teknikken i odontologi.
Evner
Studenten skal kunne
- Gjere ei samla vurdering av pasientens behov for berettiga røntgenundersøking av tenner og kjevar, ut frå pasientens orale og generelle helsetilstand.
- Praktisk utføre panorama bildeopptak.
- Bedøme bildekvalitet og vurdere den praktiske betydinga av bildekvalitet for røntgendiagnostikk.
- Granske og tolke normalanatomiske strukturar og patologiske forandringar i tenner, kjevar og omkringliggande vev på intraorale bilete og panoramaopptak og gje relevante diagnostiske forslag.
Generell kompetanse
Studenten skal utvikle klinisk forståing for betydinga av gode arbeidsrutinar, koreleis ein ivaretar pasienten og evna til å kommunisere med pasientar og kollegaer, både munnleg og skriftleg.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Klinisk undervising i form av seminar og poliklinisk røntgenarbeid med pasient er obligatorisk. Før studenten kan gå opp til skriftleg eksamen, vurderar klinisk lærar om studenten er i stand til å ta alle røntgenbilete i ein heilstatus.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.