Pedodonti + klinikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- OD4BARN
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Dette emnet innen pedodontien bidreg til å gje studenten ei forståing av helsefremmande arbeid, førebygging og behandling av sjukdommar i tenner og munn hos barn og unge 0-18 år, medrekna sjuke barn.
Innhald:
Emnet vil bestå av åtferdsmessige aspekt i barnetannpleia (klinisk kommunikasjon, angst, vegring, smertekontroll, roande middel/ narkose, o.a.). Det undervisast i korleis ein skal kommunisere med barn og foreldra, og det leggas vekt på å forhindre at nokon utviklar angst for vidare tannbehandling. Då pedodonti omfattar barnepopulasjonen, undervisast det også i temaene omsorgssvikt og barnemishandling.
Læringsutbyte
Etter fullført og bestått emne, har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskaper:
Studenten har kunnskap om:
- åtferdsmessige aspektar i barnetannpleien.
- forstyrringar i tannfrembrudd.
- kariologi i det unge tannsettet (karies, tannråte).
- erosjon og annan tannslitasje
- periodonti i det unge tannsettet (sjukdommar i tannkjøtt og periodontale tilstandar)
- endodonti i det unge tannsettet (rotbehandling)
- interseptiv ortodonti (forebyggelse og behandling av mindre tannstillingsfeil)
- juvenil protetikk (enkle tannprotetiske løysingar)
- tannpleie for sjuke og funksjonshemma barn.
- reglar for samtykke frå unge pasientar.
Ferdigheiter:
Studenten:
- kommuniserer med alle yngre aldersgrupper og barn sine føresette på ein profesjonell og tenleg måte.
- gjennomfører adekvat undersøking og diagnostisering av den aktuelle aldersgruppen sine vanlege sjukdommar..
- oppdagar avvik frå det normale og se når det er behov for å vise pasienten vidare til andre helseinstansar.
- planlegg behandling, samt gjennomfører profylaktisk behandling.
- nyttar adekvat smertekontroll, samt førebyggjer og behandlar vegring mot og angst for tannbehandling ved å nytte psykologiske og farmakologiske teknikkar.
- innhentar naudsynt samtykke frå unge pasientar og omsorgspersonane deira.
Generell kompetanse:
Studenten:
- har evna til å integrere ulike fag og synes refleksjon knytta til eigne avgrensingar i behandling av barnepasientar.
- kommuniserer og behandlar barnepasientar og føresette på ein profesjonell og tenleg måte.
- syner også ei etisk forsvarleg haldning til ivaretakinga av den unge pasient i samhandling med anna helsepersonell.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Seminar og klinisk trening.Godkjent klinisk kurs er ein føresetnad for å gå opp til skriftleg eksamen.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesinger.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
- Professor Jorma Virtanen
- Førsteamanuensis Atanasia Bletsa