Endodonti + godkjent klinikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD4ENDO
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet omhandlar etiologi, diagnose, førebygging og behandling av sjukdommar og skadar som involverer tannpulpa, samt føljetilstandar av desse.
Kandidaten skal kunne førebygge, diagnostisere og behandle endodontiske sjukdommar og tannskadar som involverer tannpulpa og det apikale periodontiet. Studiet tar for seg tema som akuttbehandling, rotbehandling, førebygging, prognosevurdering og evaluering av utført arbeid. Vidare skal kandidaten vere i stand til å vurdere behandlingsresultatet. Det er forventa at den uteksaminerte kandidaten kan handsame dei fleste av dei endodontiske problema som oppstår i allmennpraksis. Den kliniske praksisen byggjer på eksisterande kunnskap frå grunnleggjande vitskapelege disiplinar som oral mikrobiologi, fysiologi, oral anatomi og biomateriallære.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten:
- forklarar førebyggjande, endodontiske behandlingsprinsipp og tiltak for å bevare pulpavitalitet, basert på grunnleggjande kunnskap (anatomi og biologi) om pulpa-dentin-organet
- forklarar sirkulatoriske forhold i normal og inflammert pulpa
- greier ut om kva rolle ulike nervefibrar har på smerter frå pulpa
- gjer greie for immunsystemet og sjukdomsprogresjonen ved pulpale og periapikale sjukdommar
- forklarar rollen til orale mikrobar i endodontiske sjukdommar
- gjer greie for orale vev sine reaksjonar på endodontirelaterte problem
- forstår kva rolle endodontiske infeksjonar spiller for systemiske sjukdommar
- skil mellom pulpale og periapikale diagnosar
- forstår ulike behandlingsmodalitetar innan førebyggjande endodonti og konservativ endodontisk behandling
- gjer greie for ulike rotfyllingsmaterial og teknikkar
- vurderer indikasjon for ny behandling og behandlingsmoglegheiter for ein tidlegare rotfylt tann
- gjer greie for dentale biomateriale relatert til endodonti
Ferdigheiter
Studenten:
- gjennomfører ei fullstendig undersøking av pasienten med eit endodontisk relatert problem
- kommuniserer med pasienten for å innhente fullstendig og relevant anamnese og set endodonti inn i ein heilskap for pasienten
- stiller diagnose og legg behandlingsplan med fokus på det beste for pasienten
- handterer dei fleste endodontiske problem som finst i allmennpraksis, samt evaluerer behandlingsresultat
- bedømmer behov for restaurering av endodontisk behandla tenner
- handterer naudsynt akuttbehandling
- utfører bleiking av rotbehandla tenner
- kontrollerer og evaluerer endodontisk behandling (inkludert kirurgisk endodonti)
Generelle kompetanse
Studenten viser naudsynt empati og haldningar overfor pasienten og har fokus på kvalitet i arbeidet sitt.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må delta i temabasert læring, kasuspresentasjon og egenvurdering av kliniske aktivitetar. Godkjent fagspesifikt klinisk kurs er ein føresetnad for å få ta eksamen.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.