Tverrfagleg godkjent klinikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- OD4KLIN
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
I dette kurset blir det lagt vekt på at studenten kan integrere kunnskap og ferdigheiter frå alle fag som er gjennomgått fram til utgangen av 4. studieår. Med bakgrunn i tidlegare tileigna kunnskap, evner og haldningar kan studenten undersøkje og behandle dei vanlegaste tilstandane i munnhola.
Innhald:
Ein føresetnad for å kunne framstille seg for OSKE-eksamen (objektiv strukturert klinisk eksamen), er at all kliniske teneste i 7. og 8. semester er godkjend.
Sidan dette kurset byggjer på element som er introdusert tidlegare i studiet, vises det både til overordna teoretiske og praktisk/ kliniske læringsmål for odontologistudiet og til dei enkelte emna.
Læringsutbyte
Etter gjennomført kurs har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten:
- har kunnskap om symptombilde, kliniske funn, utredning og behandling innan dei vanlegaste orale problemstillingane
- har kjennskap til aktuelle tilleggsundersøkingar, til dømes CT, MR og laboratorieundersøkingar
- har kunnskap om generell sjukdomslære/ patologi.
- har kjennskap til hovudgrupper av legemiddel og deira verknadsmekanismar.
- kjenner til korleis legemiddel og behandling kan påverke tilhøve i munnhola.
- har kunnskap om klinisk bruk, biologiske aspekt og handtering av odontologiske biomaterialar.
- har kunnskap om mikrobiologi som er av betydning for tann- og munnhelse.
- har kjennskap til Folketrygdas regelverk for refusjon av utgifter til tannbehandling
- Har kjennskap til Lov om tannhelsetenesten.
Ferdigheiter:
Studenten:
- tar sjølvstendig opp anamnese og skriv gode, strukturerte pasientjournalar
- utfører enkle, diagnostiske undersøkingar
- vurderer behovet for røntgenundersøkingar og gjennomfører vanlege røntgenopptak
- vurderer behovet for tilleggsundersøkingar
- gjennomfører grunnleggjande profylaktiske og terapeutiske tiltak for pasienten på ein sjølvstendig måte.
- meistrar enkle former for akuttbehandling og akuttsituasjonar som kan oppstå i samband med tannbehandling
- nyttar dei vanlegaste moderne, vitskapelege aksepterte profylaktiske og terapeutiske middel, materiale og teknikkar.
- evaluerer gjennomført behandling og føretek ei prognosebedømming.
- vurderer behov for etterkontrollar/ etterbehandling og planleggjer vedlikehaldsfase.
Generell kompetanse:
Studenten:
- samarbeider med anna helsepersonell.
- demonstrerer etisk og profesjonell åtferd mot pasientar, pårørande og kollegaer
- erkjenner eige fagleg avgrensing og tilviser pasienten der det er naudsynt med spesialkompetanse eller med tilvising til lege/ sjukehus.
- handlar i tråd med lovgjevingar, prosedyrar og etiske retningslinjer.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Klinisk teneste innan kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, endodonti, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, kariologi og periodonti inkludert seminar og kasuspresentasjonar. Alle desse tenestene er obligatoriske og må godkjennas før studenten kan ta sluttvurderinga i emnet. Dei ulike tenestene utgjer ein heilskap og skal syne studenten sine kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse innan dei ulike felta i odontologi.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesinger.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.