Godkjend klinikk, hospitering HUS og Tannlegevakta

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

I dette emnet blir det lagt vekt på at studenten kan leggje fram ein stor grad av fagleg tryggleik, evne til diagnostikk og behandling og evner å integrere kunnskap og ferdigheiter frå alle fag og disiplinar som det er gått gjennom i tidlegare semester. Med bakgrunn i tidlegare tileigna kunnskap, evner og haldningar, kan studenten undersøkje og behandle dei vanlegaste, og nokre av dei meir avanserte, tilstandane i munnhola. Studenten skal sjå dei ulike faga i samanheng og kunne prioritere og foreslå ein behandlingssekvens ut i frå behovet til pasienten. Evne til å ta ansvar for å følgje opp pasienten på ein ansvarsfull og profesjonell måte, vil bli tillagd stor vekt.

Innhald:

Emnet byggjer på element som er introdusert tidlegare i studiet, og det blir vist til både dei meir overordna teoretiske og praktisk/kliniske læringsmål for odontologistudiet og til dei enkelte emna. Emnet omfattar alle dei disiplinane/emna det har vore undervist i tidlegare i studiet og som det har vore ei evaluering i, og den kliniske treninga held fram i dette emnet. Tidlegare bestått klinisk trening til og med 9. semester, er ein føresetnad for å kunne starte på 10. semester.

Læringsutbyte

Etter gjennomført kurs har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om symptombilde, kliniske funn, utgreiing og behandling innan dei vanlegaste orale problemstillingane.
  • har kunnskap til aktuelle tilleggsundersøkingar, til dømes CT, MR og laboratorieundersøkingar.
  • har kunnskap om korleis sjukdom i kroppen kan påverke den orale helsa.
  • har kjennskap til hovudgrupper av legemiddel og deira verknadsmekanismar og korleis desse kan påverke oral sjukdom og terapival.
  • har kunnskap om spesielle behov hos eldre og hospitaliserte pasientar.
  • har kunnskap om klinisk bruk, biologiske aspekt og handtering av odontologiske biomateriale.
  • har kunnskap om mikrobiologi som er av betydning for tann- og munnhelse
  • har kjennskap til arbeid i Den offentlege tannhelsetenesta og meir avanserte behandlingar i Spesialisthelsetenesta.
  • har kunnskap om Folketrygdas regelverk for refusjon av utgifter til tannbehandling.
  • har kunnskap til Lov om tannhelsetenesta

Ferdigheiter:

Studenten:

  • tar sjølvstendig opp anamnese og skriv gode, strukturerte pasientjournalar for alle pasientgrupper.
  • utfører dei fleste diagnostiske undersøkingar som ein forventar skal kunne utførast av ferdige tannlegar
  • vurderer behovet for røntgenundersøkingar og gjennomfører vanlege intraorale røntgenopptak.
  • vurderer behovet for tilleggsundersøkingar.
  • gjennomfører grunnleggjande profylaktiske og terapeutiske tiltak for pasienten på ein sjølvstendig måte.
  • meistrar ulike former for akuttbehandling og akutte situasjonar som kan oppstå i samband med tannbehandling, samt kunne vurdere behov for videre tilvising/hospitalisering
  • nyttar dei vanlegaste moderne, vitskaplege aksepterte profylaktiske og terapeutiske tiltaka, materiale og teknikkar.
  • evaluerer gjennomført behandling og kan gi ei objektiv vurdering av prognose.
  • vurderer behov for etterkontrollar/etterbehandling og planlegg vedlikehaldsfase.
  • forsikrar seg om pasienten har rett på refusjon/stønad frå offentleg eller privat instans.
  • kan presentere og forsvare utført behandling på pasientar som har vært behandla i studentklinikken

Generell kompetanse:

Studenten:

  • samarbeider med tannpleier, tannhelsesekretær og anna helsepersonell.
  • viser etisk og profesjonell åtferd mot pasientar, pårørande og kollegaer.
  • erkjenner eigne faglege avgrensingar og tilvisar pasienten der det er naudsynt med spesialkompetanse og/eller med tilvising til lege/ sjukehus.
  • handlar i samsvar med lovverk, prosedyrar og etiske retningslinjer.

Studiepoeng, omfang

9 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for klinisk odontologi og eksterne klinikker etter avtale
Krav til forkunnskapar
9. semester i Integrert master i odontologi må vere fullført og bestått før studenten kan ta til med emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet består av klinisk teneste internt og eksternt, kliniske kurs, seminar og kasuspresentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Den kliniske tenesta i emnet er obligatorisk.

Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær.

Undervisningsaktiviteten omfattar all klinisk teneste innan dei kliniske disiplinane endodonti, gerodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, oral kirurgi og oral medisin, pedodonti, periodonti og protetikk. Hospitering ved Kjevekirurgisk avdeling på Haukeland sjukehus og Bergen offentlege tannlegevakt er óg inkludert.

Studenten må kunne sjå dei ulike fagdisiplinane i samanheng og prioritere og foreslå ei behandlingssekvens ut frå pasientens behov for behandling der ei tverrfagleg tilnærming er nødvendig. Alle kliniske disiplinar og kasuspresentasjonar må vere godkjende før endeleg evaluering i emnet, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening. Dei ulike tenestene utgjer ein heilskap og skal spegle den kunnskapen, dei ferdigheitene og den generelle kompetansen studenten har tileigna seg gjennom heile studiet, innan både dei pre-, para- og kliniske fagområda.

Vurderingsformer
Ei samla vurdering av klinisk teneste og godkjent kasuspresentasjon.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvart tredje år, i medhald av systemet for kvalitet i utdanning ved Universitetet i Bergen.
Programansvarleg
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarleg
Stig Løvold
Administrativt ansvarleg
Institutt for klinisk odontologi