Masteroppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 12
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD5MAST
- Talet på semester
- 3
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Integrert masteroppgåve består av 3 delar:
Del 1: MEDSTA 5 studiepoeng: "Medisinsk statistikk" (sjå eige skildring av medisinsk statistikk 1. studieår)
Del 2: OD3MAST 3 studiepoeng: "Plan for masteroppgåve". (Sjå eige skildring for emnet)
Del 3: OD5MAST 12 studiepoeng: "Masteroppgåve" (inkludert oppstartsseminar, bibliotekkurs, skrivekurs, presentasjon av framdrift 4. år (8. semester) og seminar med presentasjon av oppgåva 5. år (10. semester))
Masteroppgåva for den integrerte mastergraden vil generelt bli skriven basert på ei litteraturoversikt, eit laboratorieprosjekt, eit klinisk kasus, eit klinisk arbeid eller eit klinisk forsøk. Det må gå fram (dette blir ofte gjort i samband med eller basert på OD3MAST) om prosjektet trenger etisk godkjenning frå etisk komité (REK). Om prosjektet inneheld persondata, skal dette bli registrert i RETTE ved UiB.
Oppgåva vil vanlegvis vere eit sjølvstendig akademisk arbeid som inneheld ein introduksjon (ein bakgrunn), metode for innsamling av data, resultat og ein diskusjon (IMRaD-struktur). Den må attpåtil innehalde korrekte og relevante referansar til faglitteratur innan det aktuelle fagfeltet oppgåva har blitt skriven.
Læringsutbyte
Studenten har, etter innlevert og godkjent oppgåve, følgjande utbytte for læring:
Kunnskap:
Etter kurset forstår studenten den vitskaplege prosessen som leiar fram til eit akademisk arbeid (ei masteroppgåve). Studenten demonstrerer forståing for korleis eit prosjekt blir initiert og blir sett opp for å koma fram til ny kunnskap.
Ferdigheiter:
Studenten har dei naudsynte ferdigheitene, basert på ein idé (formulert f.eks i OD3MAST) som skal til for å kunne setje opp ein plan/skisse for eit forskingsprosjekt. Studenten forstår og har evne til å gjennomføre alle delar av eit prosjekt som leiar fram til ei fullført masteroppgåve.
Generell kompetanse:
Studenten forstår korleis eit forskingsprosjekt blir initiert og korleis dette leiar fram til eit ferdig arbeid (ei masteroppgåve)
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Oppstartsseminar, akademisk veke, bibliotekkurs og skrivekurs.
- Det skrivast ein rettleiingskontrakt mellom student(ar) og rettleiar.
- Hovuddelen av undervisinga vil vere i form av rettleiing frå rettleiar.
- Omfang av rettleiing i kurset OD5MAST vil typisk vere avgrensa oppover til 10 timar med rettleiing. Rettleiing kan vere fysiske eller via digitale møte, og dessutan gjennom svar/tilbakemelding via e-post. Omfanget av rettleiing gjeld for 1 oppgåve uavhengig av talet på studentar på oppgåva.