Samfunnsodontologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Etter gjennomgått undervisning og fullført emnet, er studenten i stand til å ta ansvar for den orale helsa til befolkninga. Studenten utøver tannlegeverksemd i samsvar med aktuell odontologisk kunnskap, behov, ønske og forventningar i befolkninga samt dei til ei kvar tid gjeldande lovgjevingar, bestemmingar og økonomiske rammer.

Innhald:

Emnet inneheld undervisning om følgjande tema:

  • Tannhelsetenestens (offentleg og privat) organisering , funksjon og finansiering, lovgjevningar og reglar (organisasjon- og forvaltningslære)
  • Førebyggjande og helsefremmande arbeid
  • Forskingsmetode
  • Befolkningsundersøkingar
  • Måling av oral sjukdom
  • Opplevd helse
  • Kunnskap, haldning og åtferd relatert til oral helse

Læringsutbyte

Etter avslutta emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten gjer greie for:

  • dei orale sjukdomars epidemiologi, på eit lokalt og internasjonalt nivå.
  • måla, organiseringa, ressursar og funksjonen i tannhelsetenestene (offentleg og privat) og i helse- og sosialsektoren.
  • planlegging, iverksetjing og evaluering av sjukdomsførebyggjande og helsefremmande arbeid.
  • pasientkommunikasjon.
  • den gjeldande helselovgivinga.
  • trygde- og sosiale tenester,
  • kvalitetssikring i tannehelsetenesta (offentleg og privat).
  • etiske normer.

Ferdigheiter:

Studenten:

  • brukar enkel forskingsmetode til evaluering av samfunnsodontologisk faglitteratur.
  • brukar enkle forskningsmetodar til analyse av data, planlegging og evaluering av tannhelsetenesta (offentleg og privat).
  • brukar ulike strategier i sjukdomsførebyggjande og helsefremmande arbeid.
  • kommuniserer og samhandlar med pasientar, befolkninga generelt og personar i tannhelsetenesta (offentleg og privat) og i helse- og sosialsektoren.
  • samhandlar og kommuniserer med ulike og relevante administrative og politiske organ.

Generell kompetanse:

Studenten:

  • reflekterer kritisk over eigne kunnskapar og ferdigheiter og erkjenner behovet for kontinuerlig og fornya læring.
  • viser ei profesjonell og etisk forsvarleg haldning i all kommunikasjon med pasientar og relevante samarbeidspartnarar i helse-, sosial- og tannhelsetenestene.

Studiepoeng, omfang

6 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust. Undervisinga tar til i vårsemesteret på fjerde studieår og avsluttas det påfølgjande haustsemesteret.
Krav til forkunnskapar
Fullført 6. semester i Integrert master i odontologi
Tilrådde forkunnskapar
Førelesingar som inngår i OD4DIAGNOS i 7.semester og som omhandlar pasientkommunikasjon.
Studiepoengsreduksjon
OD3SAM - 6 studiepoeng
Krav til studierett
Integrert master i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Seminara gjer bruk av problembasert læring. Studentane løyser oppgåver i mindre grupper med følgjande diskusjon. Tverrprofesjonell samarbeidslæring inngår i emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar er obligatorisk. Det er krav om eit minimum på 80 % oppmøte for seminar.
Vurderingsformer
4 timars skriftleg skuleeksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Hausten 9. semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert kvart tredje år, i medhald av Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarleg
Professor Anne Nordrehaug Åstrøm
Administrativt ansvarleg
Institutt for klinisk odontologi