Mekanikk 1
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gje studentane ei grundig forståing av mekanikken sine grunnleggjande lover, omgrep og tenkjemåte, og gjere studentane i stand til å nytte desse på fysiske problemstillingar.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i kinematikk og dynamikk i fleire dimensjonar, energi og felt med spesiell vekt på vekselverknad mellom objekt, stive lekamar, rotasjon, statikk, elastisitetslære og fluidmekanikk. I laboratorieøvingar vert enkle eksperiment gjennomførte for å belyse sentrale delar av pensum.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- definere og forklare grunnleggjande omgrep i mekanikken, slik som hastigheit, akselerasjon, kraft, rørslemengde, friksjon, energi, arbeid, spinn og massesenter
- formulere grunnleggjande lover i mekanikken
Ferdigheiter
Studenten kan analysere og løyse oppgåver med
- kinematiske likningar i to og tre dimensjonar, Newtons lover, energibetraktningar, statikk og likevekt, rotasjon av stive lekamar
- væskedynamikk inklusiv trykk, oppdrift og Bernoullis likning
- strekk, kompresjon og deformasjon av stive lekamar
Generell kompetanse
Studenten skal
- forstå korleis fysiske modellar kan brukast som eit verktøy for å beskrive og forklare prosessar og fenomen i naturen og teknologien
- kunne gjennomføre enkelt eksperimentelt arbeid med bruk av standard måleinstrument, vurdere måleusikkerheit og skrive ein laboratorierapport utifrå oppsette krav
- Kan argumentere for løysingar ved bruk av fysikkprinsipp.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Lab: To (2) laboratorieøvingar med kollegavurdering. Begge øvingane og kollegavurderingar må vera godkjent frå same semester. I tillegg er det obligatorisk å delta på oppstartsmøte for laboratoriearbeidet.
Testar: Det blir organisert tre kunnskapstestar. To av testane blir gjennomførte digitalt. Den tredje testen blir gjennomført fysisk. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera svar på dei to digitale testane og skåre minst 50% på den fysiske testen.
Gyldigheit: Gyldigheita av dei obligatoriske arbeidskrava er seks semester, inkludert semesteret øvingane og testane blir utførte. All obligatorisk aktivitet i emnet må vera godkjent for å kunna gå opp til eksamen. Ikkje-godkjent obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først når kapasitetsomsyn mogleggjer det. Ved avgrensa kapasitet skal studentar som har hatt gyldig fråvær frå aktiviteten blir prioriterte framfor studentar som ikkje har hatt gyldig fråvær.