Kvantemekanikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjev ei systematisk innføring i grunnleggjande ikkje-relativistisk kvantemekanikk.
Innhald:
Kurset tek for seg Schrödingerlikninga med løysingar i enkle potensial som harmonisk oscillator og kulesymmetrisk potensial for hydrogenliknande atom. Kvantemekaniske aksiom blir introdusert og matriserepresentasjon av kvantemekanikken blir diskutert saman med omtrentlige metodar (variasjonsmetode, perturbasjonsteori, Born-tilnærmingar). Emnet dekkjer også spinn, tilstandar av angulære moment, tilleggsreglar og identiske partiklar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har fått kunnskapar om
- sentrale tema innan ikkje-relativistisk kvantemekanikk
- den tidsavhengige og tidsuavhengige Schrödingerlikninga for enkle potensial som til dømes harmonisk oscillator og hydrogenliknande atom, samt vekselverknaden mellom elektron og elektromagnetiske felt
- kvantemekaniske aksiom og matriserepresentasjon av kvantemekanikken
- omtrentlige løysingsmetodar av Schrödingerlikninga (variasjonsmetode, perturbasjonsteori, Born-tilnærmingar)
- spinn, tilstandar av angulære moment, tilleggsreglar og identiske partiklar
Ferdigheiter
Ved fullført emne PHYS201 skal studenten kunne
- bruke kvantemekaniske prinsipp til å rekne ut observable til kjente bølgjefunksjonar
- løyse den tidsavhengige og tidsuavhengige Schrödingerlikninga for enkle potensial
- bruke variasjonsmetoden, tidsuavhengig perturbasjonsteori og tidsavhengig perturbasjonsteori til å løyse enkle problem
- kombinere spinn med angulære moment
Generell kompetanse
- Studenten har fåttei brei innføring i ikkje-relativistisk kvantemekanikk som dannar grunnlaget for vidare studiar i teoretisk fysikk, som også er nyttig innanfor studium i nanoteknologi
- kunnskapar om grunnleggjande kvantemekaniske prosessar i naturen
- erfaring i å bruke matematiske verktøy for å lage tilnærma kvantemekaniske modellar