Medisinsk fysikk i stråleterapi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS213
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentar ei innføring i teori og metodar brukt i strålebehandling av kreft, inkludert også partikkelterapi.
Innhald:
Emnet skal formidle forståing for medisinsk-fysiske prinsipp som er knytta til bruk av ioniserande stråling innanfor strålebehandling av kreft ved bruk av fotonstråling og partiklar. Kurset vil gje ein introduksjon til (ekstern) stråleterapi i kreftbehandling, grunnleggande vekselverknadar for stråleterapi og dosimetri, innføring i produksjon og karakterisering av terapeutiske strålar/strålefelt, doseoptimisering. Kurset vil også fokusere på strålebiologiske vekselverknadar og korleis desse påverkar behandlinga.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne:
- Vise kjennskap til det biologiske og medisinske rasjonale for stråleterapi
- Beskrive produksjon og karakterisering av terapeutiske strålar/strålefelt
- Beskrive i detalj dei ulike stega i stråleterapiprosessen frå planlegging til ferdig behandling
- Greie ut om fordelar og ulemper med ulike behandlingsteknikkar og strålingstypar
Ferdigheiter
- Gjennom praktiske øvingar har studenten fått praktiske kunnskapar om doseplanlegging og god vurderingsevne med tanke på kva omsyn som må takast ved utarbeiding av pasientplanar for stråleterapi.
- Studenten er i stand til å utføre skriftlege øvingar/utrekningar innan stråleterapi
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle sine faglege kunnskapar gjennom munnleg presentasjon.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av forelesningar. I tillegg vil det vere obligatoriske rekneøvingar og omvisning på seksjon for medisinsk fysikk ved Haukeland sjukehus. Forelesningane vil dekke alle tema for kurset, og i tillegg vil det bli gitt anbefalt fordjupningsstoff i litteraturlista
Aktivitet/ Tal på timar pr. veke: 4 timar forelesning (delvis erstatta av øvingar/omvisning enkelte veker)
Aktivitet/ Tal på veker: 14
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Rekneøvingar utgjer 20 % av karakteren og alle rekneøvingar må innleverast for å ta eksamen. Gyldig i dei to påfølgande semester etter godkjenning.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Rekneøvingar utgjer 20 % av karakteren. Alle rekneøvingar må innleverast for å ta eksamen.
- Muntleg eksamen utgjer 80% av karakteren.