Atmosfærisk og marin optikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS264
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Gje avanserte kunnskapar og ferdigheiter i atmosfærisk og marin optikk.
Innhald:
Kurset inneheld tema som emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av elektromagnetisk stråling i atmosfæren og havet. Desse optiske prosessane blir studert for frekvensar som spenner frå det infraraude, gjennom det synlege, og inn i det ultrafiolette spekteret. Vidare tar kurset opp fysikk knytt til temaene stråling frå ein svart lekam; strålingsevne; koherent og inkoherent stråling; interferens; irradians og radians; multippel spreiing; strålingstransport med multistraumteori og Monte Carlo-metodar; polarisasjon; og optiske fenomen som kan bli observert i naturen. Det blir fokusert på å gje fysiske fundamentale forklaringar akkompagnert med bruk i meteorologi, klimatologi, solenergi, havfarge-radiometri og marin primærproduksjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har
- kunnskapar i atmosfærisk og marin optikk på mastergradsnivå
Ferdigheiter
Studenten kan
- forklare fundamentale prinsipp bak emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av stråling i atmosfæren og havet
- utvikle metodar som løyser strålingstransportlikninga for så å finne solenergi, fjernmålingssignal og biologisk aktiv stråling
- vurdere effekten av ulike drivhusgassar og overflaterefleksjonar på atmosfæretemperaturen
- forklare fysikken bak vanlege optiske fenomen i atmosfæren og havet, for eksempel luftspeglingar, grønt glimt, raud solnedgang, den blå timen, og den blå og grøne fargen på hav og isfjell
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- skriftleg eksamen