Tilrettelegging for læring i fysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYSDI300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å dyktiggjera studenten til å kunne undervise i fysikk og naturfag på fagleg engasjerande og lærerike måtar.Emnet skal formidle forståing for kor viktig det er å ta utgangspunkt i elevane sine forkunnskapar og at utvikling av kompetanse i fysikk krev tilrettelegging for observasjon, refleksjon, språksetting og fagleg dialog knytt til ulike former for problemløysing.
Innhald:
Emnet tar opp tema som analyse av læreplanar, planlegging av undervisning, fagsyn, utforskande og elevaktive arbeidsmåtar, vurdering for læring og sluttvurdering samt refleksjon over eigen undervisningspraksis. Innan læringsteori vil teori og metodar knytt til fagleg dialog, lesing, skriving, problemløysing og bruk av informasjonsteknologi og ulike representasjonsformer bli tatt opp. Studenten vil også verta kjent med omgrepa
allmenndanning, undervisning for berekraftig utvikling, utforskande arbeidsmåtar, modellbygging, og utfordringar og moglegheiter knytt til bruk av demonstrasjonar og praktiske arbeid i fysikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har
- inngåande kunnskap om sentrale læringsteoriar og overordna grunngjevnader og målsetningar for skulefaga naturfag og fysikk og korleis måla kan realiserast
- avansert kunnskap om bruk av ulike elevaktive arbeidsmåtar, læring gjennom samarbeid, og utvikling av elevane sin innsikt i naturvitskaplege tenkemåtar og ferdigheiter i skriving, lesing, rekning og teikning i fysikk og naturfag
- kan anvende kunnskap om faglege sjangrar, prinsipp og metodar for tilrettelegging for læring, utvikling av kompetanse i problemløysing, kritisk tenking, utforsking av faglege fenomen og kontroversielle tema, og vurdering av elevarbeid.
Ferdigheiter
Studenten kan
- identifisere faglege kjerneidear og elevar sine faglege utfordringar, samt praktisere elevaktiverande framlegging av fagstoff med bruk av enkle demonstrasjonar
- planlegge, grunngje, gjennomføre og vurdere undervisningsøkter som fremmer utvikling av kompetansar hos elevar med ulike interesser og føresetnader
- kommunisere med elevane inn mot deira nivå både generelt, om fagstoffet og om deira læring, og praktisere aktiverande fagleg dialog og undervegsvurdering
- anvende elevaktive og utforskande arbeidsmåtar og leggja til rette for utvikling av miljømedvit, handlingskompetanse og kritisk tenking.
Generell kompetanse
Studenten kan
- søke opp relevant fag- og forskingslitteratur og bruke denne i skriftleg og munnleg argumentasjon om didaktiske val og vurderingar
- undersøke og reflektere innsiktsfullt over fagundervisning og deltakarars responsar på denne åleine og i samarbeid med kollegaer og medstudentar
- identifisere og kommunisere usikkerheit i resultat ifrå fagdidaktisk forsking
- formidle fagdidaktiske problemstillingar og teoriar til kollegaer og til allmennheita.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
PEDA131, REALDI200 og LANGPRAKSIS1.
Emnet skal normalt tas parallelt med LANGPRAKSIS2
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tre obligatoriske skriftlege innleveringar inkludert innleveringar undervegs og deltaking i responsgrupper.
Fem munnlege oppgåver med framlegging på seminar
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.
For å kunne ta eksamen i PHYSDI300 må normalt langpraksis i 8. semester vere bestått.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg eksamen