Form og fridom

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Utfyllande semesteromtale

Mål og innhald

Dette er eit prosjektbasert emne utforskar forholdet mellom uttrykk og avgrensing, kaos og kontroll, autoritet og autonomi. Følgande spørsmål blir undersøkte: Kva etablerte verktøy og parameter er nyttige innan kunstpraksis, og kva bør vi søke å transcendere? Under kva omstende kan vi, som kunstnarar, finna fridom innanfor forma, og når er fridomen formlaus?

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar

Ferdigheiter

  • Utforske nye teknikkar og metodar.
  • Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metoder gjennom prosjektutvikling.

Generell kompetanse

  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Utvikle og presentere nytt arbeid.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen, Campus M61.
Krav til studierett

Opptak til bachelorprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år ihht. til UiBs kvalitetssystem