Fordjupingskurs i kultur og psykopatologi; mental helse i eit krysskulturelt perspektiv
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK302G
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Biomedisin er, som alle lækjesystem, eit kulturelt produkt som har oppstått i vestlege industriland. Likevel har medisinsk praksis vist mindre interesse for kulturelle og sosiale faktorar og biomedisinske oppfatningar av helse og helsepraksis vert ofte overført frå ein del av verda til ein annan som absolutte sanningar. Til trass for gode resultat, har dei av og til vist seg å vere ineffektive og til og med skadelege for mottaksgruppa. Sentralt i dette problemet er biomedisin si manglande evne til å ta høgde for kulturell innverknad på menneske sine haldningar, tru, oppfatning av sjukdom, sjukdomsetiologi og oppsøking av helsevesen. I tillegg, medan visse helseproblem (t.d. sjukdomar med kulturelle vilkår) er vanskelege å forstå ved å bruke vestlege biomedisinske modellar, kan dei vere godt forståelege innan dei kulturelle samfunna dei opptrer i. Kjernen i kurset er å undersøke mentale sjukdomar, deira uttrykk, diagnose og behandling i ulike kulturelle samfunn.
Følgjande tema vil verte diskutert i førelesingane:
- Kultur og mental sjukdom: omgrep, problem, modellar og teoriar
- Klassifisering/gruppering av sinnslidingar i diagnosemanualar: kultur og metodologi
- Analyse av nokre vanlege mentale sjukdomar (angst, humør, somatoforme lidingar og schizofreni) frå eit kulturelt perspektiv
- Sjukdomar med kulturelle vilkår, kulturelle valideringar og deira moglege lenkar til sinnslidingar i klassifiseringsmanualar
- Kulturoverføring, multikulturisme og mental helse
- Krysskulturell og multikulturell psykoterapi: hjelp-oppsøkande åtferd, behandling og prognose
Læringsutbyte
Etter fullført kurs skal studentane kunne
- skildre og identifisere rolla til kulturelle variablar i etiologien til sinnslidingar
- forklare korleis kulturelle variablar verkar saman med biologiske, psykologiske og miljø-variablar for å påverke psykopatologi
- vurdere kulturelle variasjonar i kva som reiknes som normalt og unormalt
- kritisk evaluere kulturelle variasjonar i klassifiseringa og diagnose av psykopatologi
- skildre og bestemme kulturelle variasjonar i utrykk, retning og utfall av psykopatologi
- vurdere korleis kulturell endring kan påverke utfallet av tilpassing
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Kurset vil innehalde førelesingar og gruppediskusjonar. I tillegg vil studentane måtte studere og reflektere over sinnlidingar i deira eige samfunn, og diskutere med og intervjue menneske frå andre kulturar om korleis psykiske sjukdomar er definert, identifisert og behandla i deira spesifikke samfunn.
Etter kvar undervisningsdag vert studentane gjevne heimeoppgåver. Desse vil krevje 3-5 timar lesing og innlevering av eit skriftleg essay på omtrent 500 ord. Dette leverast dagen etter kl 12, og seinast ved slutten av førelesingsperioden. I den andre kursuka vil studentane gjere sitt sjølvstudium, kor studentane definerer eit studieområde, og skriv eit samandrag på omtrent 2500 ord av 5 artiklar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal jobbe i grupper på opptil 4 studentar, kor dei skal gjennomføre ein intervjuoppgåve. Ein rapport om kva gruppa har gjort, som skal leverast inn omtrent ei veke etter siste førelesning.
For å få lov til å delta på den avsluttande munnlege eksamen, må ein student være ein del av ei gruppe som leverer arbeidsrapport frå intervjuet.
Dette vil bli vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen med moglegheit for å benytte hjelpemidlar.
Munnleg eksamen vil bli planlagt omlag ei veke etter at den obligatoriske aktivitetsrapporten er levert inn.
Eksamen vil bli vurdert med karakterane A-F.
De munnlege eksamen vil ikkje vare mer enn tretti (30) minutt per kandidat.
Eksamen vil bli planlagt i ordinær arbeidstid (fra 08.00 - 16.00 - norsk tid).