Tverrfaglege teamarbeid i krisepsykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal leggje til rette for at studentane kan trene på og utvikle samarbeidskompetanse i tverrfaglege team.

Emnet skal utvikle forståing for utfordringer i tverrfagleg krisepsykologisk teamarbeid. Til dømes i planlegging, gjennomføring av tidleg intervensjon, organisering og leggje til rette for psykososiale tiltak for kriseramma og innsatspersonell. Studentane skal kunne vurdere og optimalisere krisepsykologiske tiltak retta mot einskildpersonar, grupper og/ eller lokalsamfunn.

Innhald:

Studiet tek opp tema som:

- samarbeid mellom ulike faggrupper både innanfor same organisasjon/ kommune/ institusjon og på tvers av organisasjonar/ kommunar

-avklaring av roller, oppgåver og mandat

-utfordringar med samarbeid før, under og etter kritiske situasjonar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

- Skal ha kjennskap til sentrale omgrep og føresetnader for eit godt teamarbeid knytt til det krisepsykologiske feltet

- Skal gjere reie for føresetnadar for eit godt teamarbeid

- Ha innsikt i korleis eigne og andre sine handlingsmønster og måtar å opptre på kan påverke eit samarbeid i positiv og negativ retning

- Ha innsikt i spesielle utfordringar knytt til esamarbeid under og i etterkant av kriser, katastrofar og ulukker


Ferdigheiter

Studenten

- Skal kunne utarbeide, definere og nytte metodar for å løyse problemstillingar ved kriser, katastrofar og ulukker

- Skal med utgangspunkt i krise og katastrofepsykologisk kunnskap, kunne samarbeide om å planleggje og gjennomføre tiltak for ulike grupper av kriseramma

- Skal kunne nytte sin personlege fagkompetanse i samarbeid med andre

- Skal kunne vurdere korleis ein akutt krisesituasjon kan påverke samarbeidsrelasjonar

- Skal kunne reflektere over eit samarbeid og evaluere dette

Generell kompetanse

Studenten

- Skal ha innsikt i korleis eigne handlingsmønster kan påverke teamarbeid

- Skal kunne etablere eit velfungerande tverrfagleg team i ein krisesituasjon

- Skal ha kunnskap om gruppeprosessar og føresetnadar for godt teamarbeid

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemesteret. Undervisninga går over eitt semester

Undervisningsstad

Digitalt
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande. I tillegg 2 års relevant arbeidserfaring. Viser til anbefalt rekkefølge for Masterprogram i Krisepsykologi.
Krav til studierett
Bachelorgrad eller tilsvarande. I tillegg 2 års relevant arbeidserfaring.
Arbeids- og undervisningsformer

Primært arbeid i tverrfaglege grupper kor studentane skal utarbeide og løyse ei problemstilling knytt til det krispsykologiske feltet. Studentane skal saman med medstudentar løyse ein vald problemstilling. Problemstillinga skal studentane utarbeide sjølv.

I starten av faget vil det bli gjeve relevante ressursforelesingar om aktuelle tema knytt til problemstillinga studentane skal løyse.

Læringsmetoden er primært erfaringsbasert

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det vert krevd 80 % frammøte for å få godkjend emnet
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- Prosessrapport som skildrar og diskuterer samarbeidet i gruppa (tel 50 % av karakteren i emnet)

- Munnleg gruppeeksamen kor studentane legg fram problemstilling, kva metodar som er nytta for å løyse problemstillinga og resultatet (tel 50 % av karakteren i emnet)

Karakterskala
Bokstavkarakterar med skalaen A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.