Diskurs og posisjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet djupnar utforskinga av formidling av kunstpraksis gjennom språk og skrift. Du utviklar ein kjensle av di eiga agency i høve til diskurs og undersøkjer korleis tekst og språk kritisk kan støtte dine eigne prosessar og posisjonering.

Skrivestuer og seminar blir støtta av førelesingar som etablerer historiske og kontekstuelle rammeverk, og det blir teke omsyn til etisk bruk av kjelder, sitat og kunstig intelligens innanfor skrivepraksis.

REF200 knyter seg til arbeidet ditt i ART200 og blir ytterlegare støtta av teorikomponentane i valfrie PRO-modular. I ditt neste og siste BA-år blir denne integrasjonsprosessen sett i verk, der skrive- og språkresultat blir integrerte i sjølve ART-modulen.

REF-emnar er utforma for at du skal kunne plassere din egen praksis i relasjon til historie og teoriar om kunstpraksis. I emnet vil du trinnvis gå frå å forstå eit terreng til å kunne definere dette terrenget i relasjon til dine eigne kunstnariske aktivitetar. Profesjonell praksis er inkludert i emnets læringsutbytte og gjennom forståing av korleis skriving og ord-basert kommunikasjon blir nytta i yrkessamanheng.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • Plasser eigen praksis i ein samanheng med relevante praksisar, diskursar og fagområde
  • Utvikle bevisstheit om korleis kunstnarar nyttar tekst for å utvide praksisen mot ulike målgrupper og samanhengar
  • Utvikle medvit om plagiat som eit konsept

Ferdigheiter

  • Utvikle ein tekst- og språkpraksis som er indeksikalsk for din kunstpraksis
  • Nytte skrivemetodar som verktøy for å generere tekstbasert materiale

Generell kompetanse

  • Utforske språkbaserte praksisar
  • Utforske di eiga skrivestil og stemme i relasjon til din kunstpraksis
  • Bruk medelevar som publikum og som ein del av redigeringsprosessane

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i kunst.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Gruppeseminar
  • Lesing (i grupper og sjølvstyrt)
  • Skriving (sjølvstyrt og kollektiv)
  • Verkstader
  • Førelesningar
  • Bibliotekøkter
  • Læring gjennom medstudentane.
Vurderingsformer

Emnet brukar følgjande vurderingsformer: Skriftleg innlevering.

Vurderingskriterier:

Utforsking

Analyse

Eksperimentering

Kommunikasjon og presentasjon

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvart tredje år, jf UiBs kvalitetssystem.
Programansvarleg
Programstyret for kunst og kuratorpraksis.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.