Etikk og ideologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- REF300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette emnet utforskar korleis skriving er kritisk knytt til din kunstpraksis som eit verktøy for å utvikle, posisjonere og kommunisere ditt arbeid, og som eit medium i seg sjølv. Gjennom øvingar med språket og førelesingar, rettleiar emnet deg i å identifisere og analysere samanheng, problemstillingar og sentrale kjelder. Auka kjennskap til kunstdiskurs blir vektlagt som ein inngangsport til å utvikle agency som kunstnar og for å avkode dei etiske implikasjonane av praksisen din for deg sjølv, ditt publikum og miljøet.
Det blir tatt omsyn til etisk bruk av kjelder, sitat og kunstig intelligens innanfor skrivepraksis.
REF300 knyter seg til arbeidet ditt i ART300 og blir ytterlegare støtta av diskursen og teorien funnen i valfrie PRO-emnar.
Tema:
- Etikk
- Fordomar og posisjonalitet (Bias and positionality)
- Forsking og ansvarlegheit.
REF-emnar er utforma for at du skal kunne plassere din egen praksis i relasjon til historie og teoriar om kunstpraksis. I emnet vil du trinnvis gå frå å forstå eit terreng til å kunne definere dette terrenget i relasjon til dine eigne kunstnariske aktivitetar. Profesjonell praksis er inkludert i emnets læringsutbytte og gjennom forståing av korleis skriving og ord-basert kommunikasjon blir nytta i yrkessamanheng.
Læringsutbyte
Kunnskap:
- Vis kritisk og reflekterande skriving knytt til eigen kunstpraksis
Ferdigheiter
- Vis forståing for strategiar og skjønn i valde tilnærmingar
- Vis etiske omsyn i eigen praksis
Generell kompetanse
- Brukar andre relevante ressursar
- Reflekter kritisk over etikk og kunstnariske strategiar knytt til plagiat kontra `homage¿
- Utforskar moglegheiter og problem med AI i relasjon til di eiga skriveprosess
- Bruker medstudentar som publikum og som ein del av redigeringsprosessane
Fulltid/deltid
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Gruppeseminar
- Lesing (i grupper og sjølvstyrt)
- Skriving (sjølvstyrt og kollektiv)
- Verkstader
- Førelesningar
- Bibliotekøkter
- Læring gjennom medstudentae
Vurderingsformer
Emnet brukar følgjande vurderingsformer: Skriftleg innlevering.
Vurderingskriterier:
Utforsking
Analyse
Eksperimentering
Kommunikasjon og presentasjon