Kva er religionsvitskap?
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- RELV101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål og innhald:
Emnet har som mål å gi ei innføring i kva religionsvitskap er og i sentrale problemstillingar, omgrep, tema, teoriar, tilnærmingar og tradisjonar innanfor faget.
RELV101 er eit obligatorisk emne i spesialiseringa i religionsvitskap, og i årsstudium i religionsvitskap.
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om sentrale problemstillingar, omgrep, tema og teoriar innan religionsvitskapen, og har i tillegg innsikt i faget sine ulike tradisjonar og tilnærmingar.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til kritisk samanlikning av ulike tilnærmingsmåtar til fenomenet religion.
- har evne til reflektert bruk av sentrale omgrep innan religionsvitskapen.
- har evne til å setje seg inn i eit omfattande og kompleks tekstmateriale på både norsk og engelsk.
Generell kompetanse:
Studenten
- har generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular og faghistorie.
- har erfaring med å planleggje og gjennomføre eit skriftleg arbeid av eit bestemt omfang over tid.
- har erfaring med å fortolke og presentere faglege problemstillingar skriftleg og munnleg i gruppesamanheng.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:
(a) ei oppgåve (mellom 850 og 1200 ord) som skal leverast elektronisk i midten av semesteret.
(b) deltaking ved gruppeundervisning der det blir kravd minst 50% oppmøte. Studentane må førebu seg og setje seg inn i tekstane som blir tekne opp i gruppeundervisninga.
(c) Alle studentar skal halde ein presentasjon ein gong i samsvar med opplegget på obligatorisk gruppeundervisning.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
7-dagars heimeeksamen med eit omfang på om lag 3000 ord
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum er på mellom 1000 og 1200 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.