Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål at studenten skal få kjennskap til systematisk religionsvitskap. Systematisk religionsvitskap drøfter religionshistoriske problemstillingar på tvers av enkeltreligionar. Studenten skal skrive ei samanliknande oppgåve basert på ei problemstilling, som kombinerer teoretiske spørsmål og kjelder (empiri) frå forskjellige religiøse tradisjonar.

RELVI250 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kjennskap til systematiske forståingar av religion
  • har kunnskap om sentrale omgrep innafor religionsforsking
  • har kjennskap til samanlikning i religionsvitskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan behandle religiøse fenomen på ein systematisk og kritisk måte
  • kan vurdere likskapar og ulikskapar i religiøse fenomen på tvers av fleire religionar
  • kan kombinere teoretisk innsikt og empirisk kunnskap
  • kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver om nye tema
  • kan utføre prosjektbasert arbeid
  • kan arbeide både sjølvstendig og som deltakar i ei gruppe
  • kan behandle store mengder informasjon og litteratur innafor avgrensa tid
  • kan skrive ei oppgåve i tråd med akademisk kjeldebruk og referanseteknikkar

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15 ECTS

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ex.phil og ex.fac skal vere avlagt. Studentane skal ha tatt RELV101 samt to andre emne i religionsvitskap tilsvarande 30 studiepoeng.
Tilrådde forkunnskapar
Studenten bør ha gode engelskkunnskapar ettersom ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELVI250 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med RELVI250L.a
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Normalt 10-14 forelesingar og/eller seminar à to timar, workshop, framleggseminar (symposium) og UB-kurs. Tilbod om rettleiing av bacheloroppgåva.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  • Temaomtale og litteraturomtale (1500 ord) som vert levert ca. mars månad. Ei omtale/mal vert gjort tilgjengeleg på Mitt UiB minst ein månad i forkant av innleveringsfrist.
  • Presentasjon av prosjekt på eit symposium som vert arrangert i ca. april. Nærare opplysningar om symposiet og krav til presentasjonane vert kunngjort på Mitt UiB minst ein månad i forkant av symposiet.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent, og begge dei obligatoriske undervisningsaktivitetane i emnet må verte godkjent i éitt og same undervisningssemester for å kunne gå opp til vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Eksamen består av to delar: ein breiddetest og ei bacheloroppgåve.

  • Breiddetest: Tre timar breiddetest (skriftleg skuleeksamen) arrangert midtveis i semesteret. Breiddetesten består av spørsmål knytt til ulike delar av fellespensum. På kvart spørsmål er det mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng, og for å få bestått denne delen av testen må kandidaten ha klart minst 50 % av den totale poengsummen.
  • Bacheloroppgåve: Bacheloroppgåva skal på ein komparativ måte kaste lys over eit grunnleggjande religionshistorisk/religionsvitskapleg problem, fenomen eller omgrep. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord.

Breddetesten tel 20% av den totale karakteren på emnet, medan bacheloroppgåva tel 80% av den totale karakteren.

Begge eksamensdeler må vere avlagt og bestått i eitt og same undervisningssemester.

Obligatoriske arbeidskrav må vere gyldige for å ta eksamen.

Eksamensoppgåva på skuleeksamen vil bli gitt på norsk.

Eksamenssvaret på skuleeksamen og bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Litteraturlista omfattar om lag 1200 sider, der om lag 800 sider er sjølvvalde i samband med bacheloroppgåva og om lag 400 sider er fellespensum utarbeidd av instituttet. Undervisning og breiddetesten baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. desember for vårsemesteret

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap