Russisk språk I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- RUS120
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, russisk og evt. engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskapar og dugleik i teoretisk russisk grammatikk med hovudvekt på morfologi og syntaks
- har fått ei innføring i nokre av dei meir avanserte emne i grammatikken som aspekt og passiv
- har utdjupa innsikt i det russiske lydsystemet
- har eit større og meir aktivt ordforråd i russisk
- har utvida kunnskapar om russisk kultur
Ferdigheiter og generell kompetanse Studenten
- har auka dugleik i praktisk russisk grammatikk og språkbruk
- har øving i å omsetje tekstutdrag, munnleg og skriftleg, frå russisk til norsk
- er i stand til å omsetje enkle tekstar frå norsk til russisk og skrive korte sjølvstendige tekstar på russisk
- kan nytte russisk i digitale medium
- er i stand til å føre enkle samtaler på russisk
- kan gje ein kort presentasjon om eit førebudd tema på russisk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) minst 70% oppmøte til førelesingane
2) minst 70% oppmøte til munnlegtimane
3) innlevering av minst 70% av dei skriftlege arbeida (øvingar, eksamensoppgåver, omsetjingar til russisk og til norsk)
4) ei munnleg prøve.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista inneheld ei kurs bok, eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk, øvingar og øvingstekstar, eit hefte med omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver og eit pensum på om lag 100 sider med enkle russiske tekstar. Studentane skal òg skaffe seg ei russisk-norsk og ei norsk-russisk ordbok.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.