Politisk mobilisering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SAMPOL107
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for dei dominerande teoriane om demokratisk deltaking og mobilisering
- skildre dei grunnleggjande historiske formene for politisk mobilisering, korleis desse formene varierer i struktur og innhald og kva som er samspelet mellom dei
- vise til mikro- og makroforklaringar på variasjonar i politisk deltaking og mobilisering
- gjere greie for korleis moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk deltaking og mobilisering og kva dette kan ha å seia for makt og innverknad
Ferdigheiter
Studenten kan
- demonstrere grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag
- diskutere ulike standpunkt og vurdere ein påstand med utgangspunkt i teoretisk og empirisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering
- nytte teoretisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering til å vurdere aktuelle empiriske fenomen eller hendingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- diskutere faglege problemstillingar på ein sakleg måte
- framstille fagstoff skriftleg eller ved hjelp av andre verkemiddel som video/film/animasjon/audiovisuell produksjon, foredrag eller liknande
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: 2 timer førelesing og 2 timer seminar
Mengd veker: 12
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar (minimum 70 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500 ord. Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Ei av oppgåvene kan erstattast av video/film/animasjon/audiovisuell produksjon, foredrag eller liknande etter avtale med emneansvarleg.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Ti timars skriftleg heimeeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys i undervisningssemesteret
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.