Forsvar og totalforsvar i etablerte demokrati
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SAMPOL233
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Det norske Forsvaret har som primæroppgåve å hevda norske suverene rettigheiter og å forsvare landet mot ytre angrep, det vil si ivareta statssikkerheita. Statssikkerheit er likevel i aukande grad forbundet med samfunnssikkerheit, og truslar i skjeringspunktet mellom det sivile og det militære er blitt vanlegare. Skiljet mellom fred, krise og krig blir dermed i aukande grad viska ut. Dermed blir det også meir utfordrande å ivareta klare skilje mellom sivile og militære oppgåver. Samtidig har ein multipolær verdsorden gitt ein meir ustabil og usikker verdsorden. Særleg krigen i Ukraina har mint oss på at konvensjonelle angrep på andre statar framleis er ein aktuell trussel som må kunne handterast militært.
Dette emnet vil gje innsikt i korleis statssikkerheita er tenkt forvalta i etablerte demokrati generelt og i Noreg spesielt. Kva demokratiske prinsipp og normer ligg til grunn for når og kor militæret kan nyttast og kva instansar som skal ta del i krig til forsvar for landet? Eit sentralt tema i emnet er altså korleis Forsvaret er forankra i det norske demokratiet og i nasjonalstaten.
I tilfelle krig skal Noreg forsvarast av både vernepliktige og yrkesmilitæret gjennom Forsvaret. Forsvaret skal igjen støttast av sivile som blir mobilisert gjennom totalforsvaret. Emnet vil også omhandla totalforsvaret og kva sivil-militære relasjonar som er innbakt i totalforsvarskonseptet. Korleis er arbeidsfordelinga tenkt mellom Forsvaret og totalforsvaret i krise og i krig? Kva prinsipielle og praktiske utfordringar er knytt til dette?
Emnet vil òg gje innblikk i meir empiriske spørsmål som Forsvarets utviklings- og omstillingsprosessar etter andre verdskrig. Korleis har ulike sikkerheitsmessige utviklingstrekk og politiske prioriteringar påverka Forsvaret i ulike periodar? Emnet vil sette det norske Forsvaret inn i eit komparativt europeisk perspektiv, og gi et innblikk i ulike måtar dei vesteuropeiske statane har innordna sine forsvar. Vidare vil emnet i særleg grad sjå på korleis kommersialisering og privatiseringstendensar generelt påverkar forvaltninga av statssikkerheit. Emnet er forankra i statsvitskapeleg teori på statssikkerheit, demokratisk kontroll med det militære og sivil-militære relasjonar i etablerte demokrati.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten har
- empirisk kunnskap om det norske Forsvaret og utviklinga i det sidan andre verdskrig.
- kunnskap om totalforsvaret og korleis er det tenkt brukt.
- kunnskap om grunnleggjande teori på forvaltninga av statssikkerhet og prinsippa som ligg til grunn for ein demokratisk forvaltning av statssikkerhet.
Ferdigheiter
Studenten kan
- Diskutera grunnleggjande demokratiske prinsipp for militærmakt og kontroll av militærmakt i etablerte demokrati.
- Reflektera over sivil-militære normer og i kva grad og korleis desse er ivaretatt i totalforsvarskonseptet.
- Reflektera over sivil-militære dilemma knytt til kommersialisering av sikkerheit
Generell kompetanse
Studenten kan
- Problematisera og bidra til diskusjon av sentrale teoretiske prinsipp knytt til statens valdsmonopol, samfunnskontrakten og forsvarets rolle i etablerte demokrati.
- Diskutere forskjellen på statssikkerheit, samfunnssikkerheit og menneskeleg sikkerheit i praksis.
- Bruke kjennskap til det norske forsvaret og totalforsvaret som eit utgangspunkt for samanlikning med andre land.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Heimeeksamen 3 dagar, maksimalt 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. August melde deg opp sjølv i Studentweb.