Bacheloroppgåve i samanliknande politikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SAMPOL260
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I løpet av emnet skal studenten skrive ei vitskapleg oppgåve med utgangspunkt i den faglege innsikta som er utvikla gjennom bachelorstudiet. Oppgåva skal ha grunnfeste i statsvitskapelege tema og perspektiv frå samanliknande politikk. I arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Studenten kan òg nytte kunnskap tileigna gjennom studiar i andre fag. Studenten får rettleiing av ein fagperson i arbeidet med oppgåva.
Målet med emnet er at studentane skal utvikle evne til å utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Emnet gjev innføring i kriteria for sjølvstendig, akademisk tekstproduksjon, og målsetjinga er at studenten skal realisere slike akademiske grunnpremiss gjennom å skrive ei individuell bacheloroppgåve.
Undervisinga kombinerer førelesingar og seminar med rettleiing. Innføringsførelesingane fokuserer på sentrale aspekt ved oppgåveskriving: metodiske problemstillingar, problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen, litteratursøk, kjeldebruk og akademisk reielegheit. Emnet skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid utarbeidd av den einskilde studenten under rettleiing.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- formulera ei avgrensa fagleg problemstilling og grunngi kvifor den er fagleg interessant
- gjere greie for sentrale perspektiv innanfor eit vald forskingsfelt
- nytte relevante datakjelder og metodar for datainnsamling i lys av vald problemstilling
Ferdigheiter
Studenten kan
- samle inn og kritisk vurdere faglitteratur og informasjon frå ulike kjelder
- følgje retningslinene for god kjeldebruk og bruk av referansar
- reflektere over eige fagleg arbeid, justere og omarbeide dette under rettleiing og i lys av tilbakemeldingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar
- formidle fagstoff skriftleg gjennom eige arbeid
- planlegge og gjennomføre ei undersøking over eit semesters tid og strukturere eit forskingsarbeid innanfor ramma av ein vitskapleg sjanger
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Førelesingar, rettleiing, seminargrupper.
Timer per veke: Varierer
Førelesingar, seminargrupper og rettleiing. Undervisninga tek til med innføringsførelesingar. Seminaropplegget er organisert i oppstartsseminar med vekt på val av oppgåvetema og avgrensing av problemstilling, litteraturseminar med vekt på resultat av litteratursøk og oversyn over forskingsfeltet for oppgåva tidleg i semesteret, og førsteutkastseminar med framlegging av oppgåvetekst nærare innleveringsfristen. Kvar student har krav på ein rettleiar som gir råd i arbeidet med bacheloroppgåva. Studenten har krav på opptil fire rettleiingsmøter med ein av dei vitskapleg tilsette ved Instituttet. Rettleiaren kan velja å arrangere opptil to av rettleiingsmøta som grupperettleiing.
Deltaking i seminaropplegget og individuell rettleiing føreset at studenten har søkt om rettleiar innan fastsette fristar som vert opplyst ved semesterstart.
Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i SAMPOL260 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av førsteutkast og skriftlig tilbakemelding på to medstudenters førsteutkast.
For å levere inn bacheloroppgåve til vurdering, må arbeidskravet vere godkjent. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Individuell bacheloroppgåve på maksimalt 6000 ord. Oppgåva skal skrivast ut frå dei formkrav og tekniske krav som står i pensumheftet for emnet. Norsk, dansk, svensk og engelsk er godkjende språk oppgåva kan skrivast på.
Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Instituttet tilrår at studenten vel oppgåvetema og problemstilling med utgangspunkt i dei tematiske emna som instituttet til underviser i. Studenten kan velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje blir undervist i, men då i samråd med instituttet.
Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys i undervisningssemesteret
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.isp@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 14 dagers utsatt frist.