Praksis i samanliknande politikk - utanbys
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SAMPOL291
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Praktikantopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetansen samanliknande politikk gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.
Innhald: Studentane deltek i daglege arbeidsoppgåver i verksemda dei er utplasserte i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglige kompetanse og i forhold til bedriftene sine behov.
Studentane får rettleiing både frå verksemda og frå Institutt for samanliknande politikk.
Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, egen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret, samt presentere utgreiings- eller prosjektarbeid som er gjort for bedrifta.
Læringsutbyte
Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Ferdigheter
- Nytte fagkunnskapane studiet i samanliknande politikk gjev i ein reell arbeidssituasjon.
- Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
- Danne eit bilde av korleis bedrifter organiserer arbeidet, og relatera spørsmål knytt til statsvitskap til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
- Reflektera meir medvitsfullt over eiga kompetanse og drøfte bruk av faglig kompetanse i praksis.
- Kritisk vurdere eiga praksisopphald.
Generell kompetanse
- Skrive faglege forankra tekstar basert på behovet til arbeidsgivar.
- Kommentere og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Følgjande krav til studieprogresjon og karakterar gjeld:
- Emnet er avgrensa til studentar som har oppnådd karakteren C eller høgare i MET102 og karakteren C eller høgare i snitt på spesialiseringsemna og/eller programemna som inngår i studieprogrammet vedkomande er teken opp på.
- Vidare er emnet avgrensa til studentar som har godkjend eksamen i ein av følgjande emnekombinasjonar:
- SAMPOL105 SAMPOL106 og SAMPOL107 (SAMPOL110 kan erstatte desse)
- EUR101, EUR103, EUR105 (SAMPOL215 kan erstatte EUR105)
- Søkjarar frå bachelorprogrammet i europastudiar vil verte prioriterte, deretter søkjarar frå bachelorprogrammet i samanliknande politikk.
- Normert studieprogresjon vil bli vektlagt
- Dersom det er ledige praksisplassar kan studentar frå andre studieprogram søkje, under føresetnad av at dei har avlagt MET102 og elles møter dei same krava til studieprogresjon og karakterar.
Dei søkjarane som møter krava ovanfor vil verte vurderte på grunnlag av søknaden og CV-en dei sender inn, og kan også verte vurderte gjennom jobbintervju hos praksisverksemda.
Søknadsprosedyre
Send søknad og CV, samt karakterutskrift og eventuelle andre vedlegg (attestar m.m.) til Institutt for samanliknande politikk.
Søknadsfrist
15. mai (haust) / 15. november (vår)
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Fire timar seminar og to individuelle rettleiingar
Mengd veker i praksis: 16 veker. Til saman eit heilt semesters arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av praksisrapport 5500-7500 ord.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.isp@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 14 dagers utsatt frist.