Praksisopphald
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SDG349
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studenten erfaringsbasert innsikt i korleis berekraft spelar seg ut i ei konkret verksemd eller annan organisasjon. Emnet skal gi innsikt i berekrafts-relaterte behov i den einskilde organisasjonen, og tene som utgangspunkt for studentens eigen refleksjon over forholdet mellom teori og praksis. Studenten skal bringe inn berekraftsperspektiv til organisasjonen, og ikkje berre delta i daglege gjeremål. Arbeidet med å bringe inn berekraftsperspektiv skal gjerast greie for i ei eiga praksisavtale. Praksisopphaldet vil førebu studentane på arbeidslivet, og røynsle og observasjonar frå opphaldet vil gi innhald til masteroppgåva i emnet SDG351 Masteroppgåve (30 studiepoeng).
Innhald:
Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få innblikk i korleis berekraftsutfordringar løysast praktisk i verksemder og andre organisasjonar.
Studenten gjennomfører ein plan for å bringe inn berekraftsperspektiv i ein organisasjon etter eiga praksisavtale og deltek samtidig i daglege arbeidsoppgåver der ho/han er utplassert. Studenten skal òg ta feltnotatar og samle dokumentasjon til bruk i SDG351.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten kan:
- gjere greie for berekraftsproblem i ein praktisk samanheng
- gjere greie for dei spesifikke utfordringane knytt til berekraft i ein organisasjon eller bedrift
Ferdigheiter
Studenten kan:
- formidle mellom praksis og teori på ein reflektert måte
- gjere greie for utfordringar og moglegheiter knytt til arbeid i tverrfaglege team
Generell kompetanse
- Studenten kan bidra til å løse problemer i samarbeid med en tverrfaglig gruppe
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seminarrekke (5-10 seminar på to timar) med sentrale tema frå dei obligatoriske kursa som tilpassast spesialiseringa til den enkelte studenten Seminara skal følgjast i arbeidstida.
Praksisperioden skal vere 12 - 16 veker lang, med femdagars arbeidsveke.